Utvalgte virksomhetsopplysninger fra Enhetsregisteret. Enkeltpersonforetak, andre fysiske personer og skjermede poster publiseres ikke. Registeret omfatter også utenlandske enheter med registrert adresse utenfor Norge.

Badehus

Badehus er en fredet bygning (Badstu-bad-badehus) i Stranda, Møre og Romsdal.

Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.

Koordinater: 62.08865, 6.86867 · OpenStreetMap

Beskrivelse fra Riksantikvaren

Sjøbadet består av eit badehus med 12 omkledingsrom og ein omlag halvannan meter brei trepir. Piren fører frå stranda og ut til badehuset, og vidare eit stykke ut i sjøen. Heile anlegget står på skråforsterka trepålar i vatnet. Som pålar er det brukte borkfiekka ospestokkar. Badehuset er ein reisverkskonstruksjon av panel som er plassert på tvers av piren og består av eit smalt midtparti fiankert fire høgare volum med kvadratisk grunnplan, eitt i kvart hjørne. Desse -hjørnetårna- har inngang frå opne verandaer på kvar side av langveggene til midtbygget, mot stranda og mot fjorden. Mot stranda har piren og verandaen rekkverk, mot fjorden berre verandaen. Bygningen har ei strengt symmetrisk utforming, men med tydeleg differensiering av bygningsledda. -Hjørnetårna- har ståande vekselpanel, flatt tak og ragar ca. ein halv meter høgare enn midtbygget. Taka er tekt med grå takpapp. Midtbygget har liggjande pløgd panel, og pulttak med fall mot stranda, I prinsippet er midtbygget sett saman av to bygningar som kvar inneheld fire omkledingsrom med dører ut mot fjorden. Dei er plasserte med ca. halvannan meters mellomrom, men har eit felles tak. Opninga i senteraksen mellom desse to bygningane dannar difor ein gjennomgang på midten av badehuset. På den måten kan ein gå frå stranda, gjennom badehuset og ut til reposet der det tidlegare stupetårnet stod. Badehuset, rekkverket langs piren og verandaen mot stranda er malt i ein mosegrøn farge. I kontrast er gesimsar, hjørnebord, dører og handlist på rekherka raudmala. Omkledingsromma er kledd med ståande umalt panel og har ein benk ved den eine veggen. Over dørene var det opphavleg eit lite vindauge for å sleppe inn lys. Det er i dag anten malt over eller fjerna.

Hvor inspirasjon til badeanlegget er hentet frå er uvist, men det vart bygt fleire sjobad i regionen i same periode som kan ha vore forebilete. Sjolv om ein kan ane enkelte klassisistiske trekk (steng symmetri), er utforminga tydeleg inspirert av mellomkrigstida funksjonalistiske arkitektur. Stilen er attkjennande både gjennom dei stramme linjene, fråværet av ornament og dekor. bruk av kubiske former og tlate tak. Markeringa av hjørneborda samt vekslinga mellom ståande og liggjande panel er med på å framheve både hjørnetårna sine vertikale former og den horisontale forma til mellombygget. Dette er ei enkel og upretensiøs form av funksjonalistisk arkitektur, som gjerne blir omtalt som byggmeisterfunkis, eller folkefunkis. Funksjonalismen fekk eit gjennombrot blant yngre arkitektar i Noreg i åra rett før 1930 og gjekk hand i hand med bruk av plasstøypt armert betong for ulike typar forretnings- og næringsbygg samt større villabygg. I Norden vart det funksjonalistiske formspråket også tilpassa tre som det tradisjonelle byggjematerialet, særleg i villa- og småskala bustadbyggeri med arkitektar som dei førande. men med følgje av byggmeistrar og sjølvbyggjarar.

Fakta fra registeret

NavnBadehus
Kulturminne-ID127413-1
StedStranda, Møre og Romsdal
ArtBadstu-bad-badehus
Datering1937-38
VernVedtaksfredet
Vernedato2009-10-02
Opprinnelig funksjonRekreasjon/fritid
Verneparagraf15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
Bygningsnummer180061398
OpphavMøre og Romsdal fylkeskommune
Koordinater62.08865, 6.86867
KilderRiksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger

Flere fredete bygninger – Stranda

Vanlige spørsmål

Hvor ligger Badehus?

Plassering ifølge registeret: Stranda, Møre og Romsdal; 62.08865, 6.86867.

Når er Badehus fra?

Registeret oppgir: 1937-38.

Hvilket vern har Badehus?

Vedtaksfredet (2009-10-02).

Hvor kommer dataene fra?

Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.