Utvalgte virksomhetsopplysninger fra Enhetsregisteret. Enkeltpersonforetak, andre fysiske personer og skjermede poster publiseres ikke. Registeret omfatter også utenlandske enheter med registrert adresse utenfor Norge.

Fabrikkbygningen

Fabrikkbygningen er en fredet bygning (Produksjonslokale) i Gulen, Vestland.

Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.

Koordinater: 60.92351, 5.05107 · OpenStreetMap

Beskrivelse fra Riksantikvaren

Sellvevåg treskofabrikk er plassert nede ved pollen der elva frå Sellevågvatnet renn ut. Landskapet rundt er typisk for Gulen og fabrikken ligg skjerma inn i ei lita kløft der elva renn ut i pollen framfor fabrikken. Pollen var viktig for tilgangen på tømmer. Opphavleg vart det levert tømmer frå Sogn og frakta til Sellevåg med båt (jekter). Båtane la til utanfor pollen og hadde tømmeret på sjøen. Tømmeret vart så fletta inn i pollen ved flo sjø og trekt opp til fabrikken. Fabrikkanlegget består i dag av fabrikkbygningen og ein garasje for lastebil påbygd eit halvtak som fungerer som garasje for personbil. Både fabrikkbygningen og garasjen har vore utvida fleire gonger. Treskofabrikken hadde på det meste en produskjonskapasitet på opp mot 60.000 par tresko i årer. Mesteparten av tida var det 6-7 tilsette, mend ei fyrste åra var ein oppe i 12 tilsette. Fabrikkbygningens fyrste etasje består av turbinrommet, kontor, maskinrom, materiallageret og saga. I andre etasje er det eit arbeidsrom mot vest, treskoloftet og eit lite lagerrom. Fabrikken er ein trebygning med ulike typar tak. Med sperretak over produksjonsdelen, pulttak over turbin, saltak over produksjons rommet og halvtak over saghuset. Taket over turbinen og sjølve fabrikkbygningen er tekka med takpanner, medan taket over saga er i byljeblekk. Bygningen er oppført i stenderverk kledd med vestlandspanel med staff i nederkant på originale og nyinnsatte panelbord. Materiallagerets sør- og østfasade er kledd med tømmermannspanel, vestlandspanel i gavlen og kantstilte vertikale bord på nord fasaden. Bygningen er malt okerfarga med kvite detaljar. Den har i stor utstrekning bevart dei opphavlege vindauga med jern sprosser i sjølve produksjonsdelen og i arbeidsrommet påloftet, i dei andre delane av bygget er vindauga i tre. Innvendig er det lite som er endra sidan det var produksjon i fabrikken. Dei endringane som har vore gjort er i form av tilbygg som husa dei nye funksjonane til fabrikken. Dette har ført til at det opphavlege produksjonsrommet i stor grad står slik det stod i 1899. Maskinene står framleis der dei stod då dei var i bruk. I tillegg er modellane til treskorna som vart produsert bevart i fabrikken på dei stadane der dei opphavleg stod. Då treskoproduksjonen vart lagt ned vart ikkje maskinene fjerna for å brukelokalet til andre ting. Alt maskineff vart ståande slik det stod, medan eigar fortsette å bruka saga. På denne måten vart bygningens interier og lausøyre bevart og fabrikken har i dag ein høg grad av autentisitet.Produksjonen av tresko var gjennom sju ulike ledd før dei ferdige treskoma kunne skipast uttil kundane. Fyljande produksjonsledd førte fram til dei ferdige treskona:- Vinsjen og saga- Bandsaga- Kopieringsmskina- Ifarmaskina- Boremaskina- Pussemaskina- Lakking

Fakta fra registeret

NavnFabrikkbygningen
Kulturminne-ID120756-1
StedGulen, Vestland
ArtProduksjonslokale
Datering1899
VernVedtaksfredet
Vernedato2012-08-12
Opprinnelig funksjonIndustri/ fremstilling/produksjon
Verneparagraf15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
Bygningsnummer176731931
OpphavVestland fylkeskommune
Koordinater60.92351, 5.05107
KilderRiksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger

Flere fredete bygninger – Gulen

Vanlige spørsmål

Hvor ligger Fabrikkbygningen?

Plassering ifølge registeret: Gulen, Vestland; 60.92351, 5.05107.

Når er Fabrikkbygningen fra?

Registeret oppgir: 1899.

Hvilket vern har Fabrikkbygningen?

Vedtaksfredet (2012-08-12).

Hvor kommer dataene fra?

Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.