Hopperstad stavkyrkje
Hopperstad stavkyrkje er en fredet bygning (Stavkirke) i Vik, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 61.07748, 6.56905 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Treskipa langkyrkje med heva midtrom bore av 16 stavar reist på grunnstokkar. Kyrkja har i dag svalgang rundt heile bygget med oppbygg og inngang, skruv, over vest- og sørportalane. I vest er svalen open, på langsidene har den brystning og ein portal mot sør, medan den er lukka i aust rundt apsis. Takryttaren i to etasjar sit midt på mønet til skipet. Kyrkja er utstyrt med utskorne vindskier og mønekam. Då den nye kyrkja i Vik stod ferdig i 1877, vart Hopperstad stavkyrkje kjøpt av Fortidsminneforeningen. Dagens utsjånad fekk kyrkja etter ei restaurering i tida rund 1880 leia av arkitekten og ingeniøren Peter Blix. Utvendig vart ho sett i stand med Borgund som førebilete. Kyrkja er ei av dei eldste attverande stavkyrkjene. Årringsprøver viser at ein av stavane i skipet er hogd vinteren 1131-32. Heile konstruksjonen og mykje av veggplankane er frå mellomalderen, berre utsjånaden og svalgangane er nyare. Kyrkja har fire særmerkte og særs ulike portalar. Hovudportalen i vest er utsmykka med buktande drageformar som bit kvarandre i halen. I skipet står ein rikt utsmykka baldakin, eit ciborium, over eit sidealter. Trass i restaureringa har kyrkja godt bevara detaljar. Stilhistorisk har kyrkja vore datert til 1125-50. Gjennom Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram vart taket sett i stand og inventaret konservert.
Fakta fra registeret
| Navn | Hopperstad stavkyrkje |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 84627-1 |
| Sted | Vik, Vestland |
| Art | Stavkirke |
| Datering | 1116 |
| Vern | Automatisk fredet |
| Vernedato | 2000-11-26 |
| Opprinnelig funksjon | Religion |
| Verneparagraf | 4 (Automatisk fredning) |
| Bygningsnummer | 177005290 |
| Opphav | Riksantikvaren, Hovedkontor |
| Koordinater | 61.07748, 6.56905 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Vik
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Hopperstad stavkyrkje?
Plassering ifølge registeret: Vik, Vestland; 61.07748, 6.56905.
Når er Hopperstad stavkyrkje fra?
Registeret oppgir: 1116.
Hvilket vern har Hopperstad stavkyrkje?
Automatisk fredet (2000-11-26).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.