Hovedbygning
Hovedbygning er en fredet bygning (Bolig) i Øystre Slidre, Innlandet.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 61.12165, 9.06007 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
BESKRIVELSE: Hovudbygningen vart oppført i ein etasje på bruddsteinsmur og påbygd ein halv etasje i 1896, Huset er oppført i tømmer. I 1930 fekk delar av det 1 1/2 etasjes bygninga to etasjar gjennom påbygging av ei ark. Nytt tak vart lagt i 1986 og som alle tak på Løken tekt med skifer frå Valdres skiferbrudd.
Hovudbygningen må være oppført etter ein typeplan for prestegardar utgjeve av Kyrkjedepartementet i 1835, teikna av Sverdrup og Linstow. Tilsvarande bygningar har prestegardane i Lyngdal (1838), Kolvereid (1840-43 og Hamarøy (1844). I planløysinga inngjekk to frittståande fløyer. Den eine fløya er smia på Løken som vart flytta kring 1930, og den andre fløya vart rive omlag på same tid.
Det er originalt slett panel på tak og veggar i fleire rom. Eit hjørnerom har bjelketak og måla tømmerveggar. Tre originale dører i kjellaren og ei original dør i andre etasje.
TIDSLINJE: 1850: Bygningen vart bygd som prestebustad då Øystre Slidre vart eigen kommune. Huset vart bygd i ein etasje med to kvistrom og med brekte gavlmøner. (Foss i brev 14.des.1934) Planløysinga for bygget omfatta også to frittståande sidefløyer, Den eine fløya (drengestova) er i dag smie på Løken, som vart flytta kring 1930, og den andre fløya (bryggerhuset) vart riven på same tid.
1896: Bygningen blir påbygd til 11/2 etasje og bygd til med ein sveitservernada på sørsida. Påbygginga er synleg markert med sikksakk-kant på ytterpanel. Ved opprettinga av Løken som forsøksgard i 1922 vart bygninga tatt i bruk som bustad og kontor for forsøksleiaren.
1930 - 1940: Verandane i sveitserstil vart riven mellom anna på grunn av råte, og erstatta med ein steinterasse med smijernsgelender. Huset vart samstundes høgda slik at delar av loftsetasjen fekk full høgde. Den eine fløya, drengestova, vart flytta og i dag nytta som smie og den andre fløya, bryggerhuset, vart rive i denne perioden. Bryggerhuset vart då erstatta av eit nytt bryggerhus og ein garasje som stod på bakken der det nye kontor- og laboratoriebygningen i dag står. I denne samanhengen kan det og nemnast at det no er funne brev som viser at bygging av bryggerhuset og garasjen skjedde samstundes med bygging av tomannsbustaden (forpaktarbustaden), parkeringshuset (vognskjulet), fjøset på Berset og vøling av sælet på Berset. Dette skjedde i 1938-39 og ikkje kring 1930 som tidlegare opplyst. Det er også klart at arkitekturen og funksjonane til desse bygningane vart utforma i fellesskap av forsøksleiar Haakon Foss og byggmeister E. Erikson & Son, Det var også Erikson som stod for bygningsarbeidene, medan grunnmursarbeidet vart utført av Andreas Løvås.
1947 - 2006: Etter krigen og frametter skjedde det ein del omvølingar innvendig utan at det endra karakteren særleg, men kring 1980 vart ein delen av "storstua" delt av til kontor. Dei siste 20 åra er også lagt belegg på ein del golv, tømmerveggar er panelte, og rom avdelt til ulike toalettfunksjonar i 1. etasje.
FAKTA: Byggeår: 1850 Opprinnelig byggherre: Kyrkjedepartementet Opprinnelig arkitekt: Ukjend Kilde: Skarstad, Håkon Johs: "Landsverneplan for Bioforsk", 2006
Fakta fra registeret
| Navn | Hovedbygning |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 161013-3 |
| Sted | Øystre Slidre, Innlandet |
| Art | Bolig |
| Datering | 1850 |
| Vern | Forskriftsfredet |
| Vernedato | 2013-02-15 |
| Opprinnelig funksjon | Bolig/bosetning |
| Verneparagraf | 22a (Fredning av byggverk og anlegg i statens eie) |
| Bygningsnummer | 158228793 |
| Opphav | Innlandet fylkeskommune |
| Koordinater | 61.12165, 9.06007 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Øystre Slidre
- Driftsbygning
- Hegge stavkyrkje
- Internat
- Forsøkslåve Bjørnhaug
- Administrasjonsbygning
- Hønsehus
- Forsøkslåve
- Verksted/smie
- Parkeringshus
- Stabbur Løken
- Driftsbygning
- Låve
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Hovedbygning?
Plassering ifølge registeret: Øystre Slidre, Innlandet; 61.12165, 9.06007.
Når er Hovedbygning fra?
Registeret oppgir: 1850.
Hvilket vern har Hovedbygning?
Forskriftsfredet (2013-02-15).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.