Kårstove
Kårstove er en fredet bygning (Bolig) i Luster, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 61.55924, 7.76724 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Kårstova har fleire namn mellom annan gamlestova og herberget, dei ulike namna kan tyde på at stova har hatt ulik funksjon til ulike tider. Vegen mellom Gudbrandsdalen og Sogn gjekk forbi Ormelid og på Øvrelid har ein tidlegare teke imot reisande. Bygningen har same nord/sør akse som steinhuset og er bygd saman med det i sørgavlen. Bygningen er ein toetasjes tømra trebygning med kjellarmur i stein. Kårstova er sannsynlegvis den eldste bygningen på tunet, tidlegare har den vore tidfesta til 1700-talet. Etter at ein tok ned kledning på delar av veggen hausten 2008 og fekk avdekka tømmerkonstruksjonen, kan utforminga av lafteknutane tyde på at delar av bygningen kan være frå tida før 1650. Bygningen fekk sin noverande utforming på 1920-talet då inngangen på langsida vart bygd med trapp opp til andre etasje. Den vart utforma med ein open svalgang i fyrste etasje medan andre etasje er panelt inn og får lys frå to skråstilte kvadratiske vindauga, kvar med ni kvadratiske ruter.Bygningen er ein toetasjes tømmerbygning med umåla kledning, kjellaren er mura opp i naturstein og taket er tekt med lappskifer. Tidlegare hadde bygningen ein rektangulær form, men med påbygginga på 1920-talet fekk den eit toetasjes overbygd inngangsparti med ei spissark på vestsida. Ei steintrapp fører frå bakken opp til svalen. Bygningen får sitt særpreg frå inngangspartiet med ein open sval i fyrsteetasje og ein lukka andre etasje med firkanta skråstilte vindauga. Dei andre vindauga i bygningen er i hovudsak eitt- og torams, der dei eldste har seks ruter i kvar ramme medan dei nyaste har ei rute i kvar ramme. Vindauga er av ulik storleik og utforming og dei er forholdsvis fritt plassert utan at dei innbyrdes dannar ein akse mellom vindauga. Inngangsdøra i fyrste etasje er i sveitserstil, med ei fem-fyllingsdør som er måla i ein lys gulfarge, på delar av døra er målinga slitt vekk. I kvart av dei to fyllingane oppe i døra er det felt inn eit kvadratiske vindauga plassert diagonalt. Ytterdøra i andre etasje er ei panelt labanksdør som er panelt på yttersida i eit symmetrisk mønster rundt midten av dørbladet. Mønsteret er ytterlegare forsterka ved at døra har blitt malt i kvitt, raudt og mørk grønblå. Den kvadratiske plata som mønsteret er bygd opp rundt er måla i ein lys blå farge.
Fakta fra registeret
| Navn | Kårstove |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 132245-1 |
| Sted | Luster, Vestland |
| Art | Bolig |
| Datering | 1600-1699 |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2011-08-07 |
| Opprinnelig funksjon | Bolig/bosetning |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 177484601 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 61.55924, 7.76724 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Luster
- Driftsbygning
- Steinstova
- Selvbetjeningshytte
- Fjøs bryggerhus
- Skjolden bensinstasjon
- Stabburet
- Dale kyrkje
- Urnes stavkyrkje
- Bolig
- Redskapshus hønsehus
- Uthus-skjul
- Solvorn kyrkje 3
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Kårstove?
Plassering ifølge registeret: Luster, Vestland; 61.55924, 7.76724.
Når er Kårstove fra?
Registeret oppgir: 1600-1699.
Hvilket vern har Kårstove?
Vedtaksfredet (2011-08-07).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.