Utvalgte virksomhetsopplysninger fra Enhetsregisteret. Enkeltpersonforetak, andre fysiske personer og skjermede poster publiseres ikke. Registeret omfatter også utenlandske enheter med registrert adresse utenfor Norge.

Larsgarden, Fram-Saure / bur

Larsgarden, Fram-Saure / bur er en fredet bygning (Bur-stabbur-loft) i Volda, Møre og Romsdal.

Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.

Koordinater: 62.09134, 6.53337 · OpenStreetMap

Beskrivelse fra Riksantikvaren

Stabburet står i ei høgd. Fram til året 1955 var det oppførd i 1 1/ 2 - høgde. Dette året fekk bygninga ei form prega av sval ved båe langveggane og framfor døra i gavlen. Den tida det var overhøgd på stabburet var det ei trapp opp i svala som gjekk langs tømmerveggen. Rommet i første høgda vart kalla stabbur. På andre høgda nytta ein ofte nemninga "staburlofte" lokalt. Nystova er og eit namn knytta til denne bygninga gjennom åra. Den vekslande nemningsbruken kan tyde på ulike funksjonar.

" Når ein tok ned overhøgda vart bjelkelaget fjerna. Ein behaldt nyare og smalare stokkar, og fjerna dei grovare stokkane. Veggstokkane er tilhogd i endane med tapping inn i beitskiene. Det er tydeleg at det har vore nytta øks. Opningane til vindauga er ikkje særleg gamle. Ein reknar med at dei eldste opningane er utvida over tid, og at det har fjerna spora etter dei første gluggane. Veggstokkane verkar å vere lite berørt av ombygginga. mellom anna er gamle sperrer over stabburet intakt. At beitskiene (karmar, av å bite seg fast, står på kvar sin side av ei åpning. Skal halde stokkar saman. Ofte rikt dekorerte.) ikkje er profilerte, kan og stø tanken om at desse har vorte skifta ut. Sidan så mykje elles er profilert i huset, er det påfallande at ikkje beitskiene er det.

Generelt er det vanskeleg å seie så mykje om den opphavelege forma til stabburet. Men mykje peikar mot at det har stått på ein syllmur eller på novsteinar. På Fram - Saure var det slik at bruksmåten gjorde at det var forrådsrom oppe og sengerom nede, og det skiljer seg frå tradisjonsbruk elles i landet. Oftast var det motsett. Men ein må her skille på sengebud og stabbur. Det er to ulike hus som skal dekke ulike funksjonar."

Det var ikkje eldstad i stabburet. Det grovt tilhogde tømmeret tydar på at ein framleis har hatt tilgong på grov furuskog når stabburet vart bygd. Stabburet er dendrokronologisk datert til kort etter år 1618.

Sjå "Norske tømmerhus frå mellomalderen, bind 5", s. 297: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010050603032

Fakta fra registeret

NavnLarsgarden, Fram-Saure / bur
Kulturminne-ID87257-1
StedVolda, Møre og Romsdal
ArtBur-stabbur-loft
DateringKort etter 1618
VernAutomatisk fredet
Vernedato2024-08-19
Opprinnelig funksjonUte av bruk
Verneparagraf4.3 (Fredning av byggverk 1537-1649)
Bygningsnummer179855305
OpphavMøre og Romsdal fylkeskommune
Koordinater62.09134, 6.53337
KilderRiksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger

Flere fredete bygninger – Volda

Vanlige spørsmål

Hvor ligger Larsgarden, Fram-Saure / bur?

Plassering ifølge registeret: Volda, Møre og Romsdal; 62.09134, 6.53337.

Når er Larsgarden, Fram-Saure / bur fra?

Registeret oppgir: Kort etter 1618.

Hvilket vern har Larsgarden, Fram-Saure / bur?

Automatisk fredet (2024-08-19).

Hvor kommer dataene fra?

Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.