Nordigard Øverland
Nordigard Øverland er en fredet bygning (Bur-stabbur-loft) i Seljord, Telemark.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 59.43404, 8.70389 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Loft i to høgder på underbunad. Andre høgda består av tømmer felt på vinteren 1813-1814. Første høgda har tømmer felt mellom 1213-1229. Bygningen vart dendrodatert hausten 2023.
Skildring frå Håkon T. Fjågesund: "Buret ser ut til å vere bygd om og endra i fleire rundar. I dag står buret på ei klassisk klauvegrime med trapesforma svillar og haldsteinsfundamentering. Av ulike grunnar er det knytt mistanke om høg alder til buret på Nordigard Øverland. Golvet i fyrste høgda har tydelege spor av sprettetæging (hoggemønster som ofte er tidfest til mellomalder). Det er utbukta beitskier og spor etter bjønnelås i bursrommet (1.høgde) som også kan peike mot mellomalder. Tømmeret innvendig i bursrommet er tydeleg flatskanta i seinare tid. Kan hende i same runde som understell og 2.høgd vart sett på. Opphavleg har tømmeret hatt ein ganske rund oval stokkform som også var vanleg i mellomalderen. Laftet i fyrstehøgda ser ut til å ha relativt midtstilt hals. Dette var også i bruk i mellomalderen, men er som regel rekna for å vere yngre enn underhalslafta, såkalla findalslaft.
Loftsrommet ser ut til å vere tømra og bygd på seinare. Kanskje kring 1800. Det er naturleg å tru at svalgang framme og underbunad har kome til også i denne runden. Andre høgda er flatskanta inne og ute. Takkonstruksjonen er vanleg ås/sperrekonstruksjon med liggande tro. Troet er mykkje diverse gjennbruk."
Fakta fra registeret
| Navn | Nordigard Øverland |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 297248-0 |
| Sted | Seljord, Telemark |
| Art | Bur-stabbur-loft |
| Datering | 1213-1229 og 1813-1814 |
| Vern | Automatisk fredet |
| Vernedato | 2023-11-30 |
| Opprinnelig funksjon | Ute av bruk |
| Verneparagraf | 4 (Automatisk fredning) |
| Bygningsnummer | 166144361 |
| Opphav | Telemark fylkeskommune |
| Koordinater | 59.43404, 8.70389 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Seljord
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Nordigard Øverland?
Plassering ifølge registeret: Seljord, Telemark; 59.43404, 8.70389.
Når er Nordigard Øverland fra?
Registeret oppgir: 1213-1229 og 1813-1814.
Hvilket vern har Nordigard Øverland?
Automatisk fredet (2023-11-30).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.