Utigard, Flatvad / låve
Utigard, Flatvad / låve er en fredet bygning (Låve) i Sunndal, Møre og Romsdal.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 62.64122, 8.78360 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Garden Flatvad ligg på ei elveslette rett sør for Driva i Sunndal. Namnet viser til eit vadested, der elva er flat og grunn. Sunndalsvegen, som koplar Sunndalen saman med Oppdal, går like sør for gardstuna. Landskapet er prega av dyrkamark og gardstun, og det er kjend at området har vore i bruk gjennom lang tid.
Låven på Utigard Flatvad er ein stor bygning, om lag 37 meter lang, og består av sju lafta rom fordelte på to etasjar. Bygningsspora tyder på at låven slik han står i dag vart oppført på 1700-talet. Låven er todelt, med kornlåve og høystål i vest og fjøs og stall i aust.
Bygningen inneheld i stor grad gjenbrukte tømmerkasser frå bygningar som er vesentleg eldre enn sjølve låven.
Nedste delen av kornstålet i vest består av ei tømmerkasse der stokkane i alle veggar er forma med hoggeteknikken spretteljing. Dette er ein teknikk som vert knytt til mellomalderen, og som etterlet eit karakteristisk fiskebeinsmønster i overflata. Fire av stokkane er årringsdaterte til vinteren 1337–1338. Tømmeret må dermed stamme frå ei bygning som vart oppført kring 1338 eller kort tid etter.
I fjøsdelen finst delar av ei eldre tømmerkasse i første etasje, med det som kan ha vore to døropningar mot vest. Denne er ikkje endeleg datert, men har liknande overflatebehandling og kan høyre til same tidsperiode.
I tillegg er det gjenbrukt sprettelja tømmer i fleire delar av låvebygningen, mellom anna i bereveggar, åsar og sperrer. Omfanget av slikt tømmer er stort. Det er sjeldan å finne ei så omfattande samling av sprettelja tømmer i éin og same bygning på Nordvestlandet.
Fakta fra registeret
| Navn | Utigard, Flatvad / låve |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 334682-0 |
| Sted | Sunndal, Møre og Romsdal |
| Art | Låve |
| Datering | 1338 (vestre kornstål). |
| Vern | Automatisk fredet |
| Vernedato | 2026-04-13 |
| Opprinnelig funksjon | Ute av bruk |
| Verneparagraf | 4 (Automatisk fredning) |
| Bygningsnummer | 181535318 |
| Opphav | Møre og Romsdal fylkeskommune |
| Koordinater | 62.64122, 8.78360 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Sunndal
- Flåstua / sengstue, Sunndal bygdemuseum
- Hov kirke 5 (Sunndal kirke 5)
- Ventilkammer (vaktmannskapshus)
- Øksendal kirkested / Øksendal kirke 3
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Utigard, Flatvad / låve?
Plassering ifølge registeret: Sunndal, Møre og Romsdal; 62.64122, 8.78360.
Når er Utigard, Flatvad / låve fra?
Registeret oppgir: 1338 (vestre kornstål).
Hvilket vern har Utigard, Flatvad / låve?
Automatisk fredet (2026-04-13).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.