Vakttårn H96
Vakttårn H96 er en fredet bygning (Tårn) i Sør-Varanger, Finnmark – Finnmárku – Finmarkku.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 69.44885, 29.92527 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
BYGNINGSBESKRIVELSE: Tårnet er oppført på betongpillarar og kafeen er panelt bindingsverk på betongfundament. Taket er tekt med papp.
Kjøkenet har originale skap og benkar.
Harald Sund var arkitekt då bygget vart oppført i 1935. Det brant ned 4. mai 1944 ved eit uhell, og forsvaret bygde tårnet som står i dag i 1955/56 og Koien i 1948/59
HISTORIKK: 1935: Staten bygde tårnet for å få ein del av reiseverksemda over frå finsk til norsk side av Pasvikelva. Tårnet med restaurant på toppen, vart reist av Jacob Brun frå Hemnesberget. Tårnet vart overtatt av tyskarane i 1940 og brukt som vakttårn. 1944: Tårnet brann ned ved eit uhell 4. mai 1944. 1954: Forsvaret overtok eigedomen i 1954, og bygde då observasjonstårnet som står i dag for å overvake området over mot Russland og Nikel. 1957: I 1957 bygde forsvaret tilbygget med namnet "Koien" for soldatane som hadde vaktteneste her. 1997: Den millitære funksjonen opphøyrde etter kvart og i 1995 vart tårnet lagt ut for sal og overført til Svanhovd miljøsenter. Tårnet har no fått attende sin opphavelege funksjon som utkikspost for turistar mv.
Tårnet som vart bygd i 1954 vart bygd av det norske forsvaret for å overvake området mot Russland og Nikel, men forhistoria til tårnet er like interessant.
Staten v/Landbruksdepartentet bygde eit utkikstårn her i 1935 for å få turisttrafikken over frå finsk til norsk side av Pasvikelva. Utkikstårnet hadde restaurant i toppen. Arkitekt var Harald T. Sund. Tårnet ligg på det høgaste punktet i området, 96 meter over havet.
Tårnet vart overtatt av tyskarane i 1940 som vakttårn. Tårnet brann ned i 1944 ved eit uhell. Staten v/Forsvarsdepartementet bygde så eit nytt vakttårn i 1954/55 for å overvake området over mot Russland og Nikel. Kven som no teikna tårnet kjenner ein ikkje til, med det vart bygd av Jacob Brun frå Hemnesberget. Tårnet vart i 1958/59 utvida med ei koie til soldatane. Då "den kalde krigen" var over vart tårnet overført til Svanhovd i 1997. Huset blir i dag brukt som turistattraksjon, med kiosk og kafè i koia.
FORMÅL OG BEGRUNNELSE: Formålet med fredinga er å ta vare på tårnet som vart bygd som vakttårn under "den kalde krigen"
Formålet med fredinga er vidare å sikre hovudstrukturen i det arkitektoniske uttrykket og detaljeringa så som fasadeløysing, opphavlege og eldre delar som dører og vindauge, samt materialbruk og overflater.
Formålet med fredinga av interiøret er å oppretthalde opphavleg rominndeling med opphavlege og eldre bygningsdelar, overflater og materialbruk, belysning, armaturar og detaljar, samt opphavleg, fast inventar.
Dette tårnet og det tidlegare tårnet som brann ned synleggjer både den norske koloniseringa av Pasvikdalen og forsvaret si rolle i området, og då spesielt i perioden under "den kalde krigen". Det tidlegare tårnet som stod her vart bygd til turistformål i mellomkrigstida og brukt som vakttårn av okkupasjonsmakta under andre verdenskrig.
OMFANG: Fredinga omfattar bygningens eksteriør og interiør og inkluderer hovudelement som konstruksjon, fasadekomposisjon, planløysing, materialbruk, overflatehandsaming og bygningsdelar som vindauge, dører, gerikter, listverk, eldstader, pipeløp over tak, og detaljar som skilt og dekor m.v. Fast inventar som skåp, omnar, tekniske installasjonar m.v. er freda som del av interiøret.
SKE - Importerte data
Fakta fra registeret
| Navn | Vakttårn H96 |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 161012-7 |
| Sted | Sør-Varanger, Finnmark – Finnmárku – Finmarkku |
| Art | Tårn |
| Datering | Etterreformatorisk tid |
| Vern | Forskriftsfredet |
| Vernedato | 2013-02-15 |
| Opprinnelig funksjon | Krigshistorisk |
| Verneparagraf | 22a (Fredning av byggverk og anlegg i statens eie) |
| Opphav | Finnmark fylkeskommune |
| Koordinater | 69.44885, 29.92527 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Sør-Varanger
- Nyrud politistasjon (hovedhus)
- Bestyrerbolig
- Elevhjem, Dr. Palmstrømsv. 7
- Driftsbygning
- Søsterhjem, Dr. Palmstrømsv. 11
- Drengestue
- Pikehjem, Dr. Palmstrømsv. 13
- Hønsehus
- Stabbur
- Svanvik / TÅRN M/HYTTE, BJØRNSUNDHØYDEN
- St. Georgs kapell
- Áiti
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Vakttårn H96?
Plassering ifølge registeret: Sør-Varanger, Finnmark – Finnmárku – Finmarkku; 69.44885, 29.92527.
Når er Vakttårn H96 fra?
Registeret oppgir: Etterreformatorisk tid.
Hvilket vern har Vakttårn H96?
Forskriftsfredet (2013-02-15).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.