veslebur
veslebur er en fredet bygning (Bur-stabbur-loft) i Vinje, Telemark.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 59.67533, 8.17609 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Veslebur av vanleg type for Vest-Telemark, det står på underbunad, har eit tømra rom i ei høgd og har lukka sval framfor bursdøra. Lafteverket har trapesforma sviller på tverrveggane og 6 omfar på langveggane. Stokkane er ovaltelja og 26 - 40 cm. høge og 19 - 22 cm. tjukke. Langs måfara er lafteverket dekorert med profil som er samansett av ei bre og ei smal flatrenne, som i loftet, men her den smale renna nærast måfaret. Samme profil finst og på den høgre beitskia. Innerdøra har spor av kroklås og bjørnelås og gamal låsstokk er intakt. Døra inn til bursrommet har 2 bord i breidda, utanpålagde labankar, lange dekorerte hengseljarn og gamal snodd dørring. Døra er og truleg frå mellomalderen og har spor etter verslitasje. Til venstre i svala står det ei seng som no er fylt med ubrukt taknever, på høgre sida er det og eit lager av ubrukt never. Over svala er det eit trev med tilgang frå bursrommet. Inne i buret er det ei brei hylle langs heile den bakre gavlveggen. Margit Lognvik, mor til nov. eigar flytte buret om lag ein meter lenger unna loftet
Fakta fra registeret
| Navn | veslebur |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 270408-2 |
| Sted | Vinje, Telemark |
| Art | Bur-stabbur-loft |
| Datering | 1239 |
| Vern | Automatisk fredet |
| Vernedato | 2020-06-25 |
| Opprinnelig funksjon | Landbruk |
| Verneparagraf | 4 (Automatisk fredning) |
| Bygningsnummer | 166541611 |
| Opphav | Telemark fylkeskommune |
| Koordinater | 59.67533, 8.17609 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Vinje
Vanlige spørsmål
Hvor ligger veslebur?
Plassering ifølge registeret: Vinje, Telemark; 59.67533, 8.17609.
Når er veslebur fra?
Registeret oppgir: 1239.
Hvilket vern har veslebur?
Automatisk fredet (2020-06-25).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.