Kunngjøring av konkurranse · 07.10.2026
Utskifting av luft-vatn-varmepumpe ved Selje skule
Stad kommune publiserte denne kunngjøringen i Doffin 07.10.2026. Fristen for å levere tilbud var 10.11.2026. Estimert verdi er 2 100 000 NOK.
- Type
- Kunngjøring av konkurranse
- Status
- Tilbudsfristen er utløpt
- Publisert
- 07.10.2026
- Tilbudsfrist
- 10.11.2026
- Oppdragsgiver
- Stad kommune
- Org.nr.
- 921060157
- Estimert verdi
- 2 100 000 NOK
- CPV-koder
- 45000000, 45300000, 45310000, 45315000, 45315100, 45330000, 45331000, 45331100, 45331200, 45331230, 45331231
- Doffin-ID
- 2026-115582
Beskrivelse
Bakgrunn Stad kommune vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av Eid kommune, Selje kommune og Bryggja. Stad kommune har ca. 9.500 innbyggjarar. Nordfjordeid er administrasjonssenteret i Stad kommune. I den ytre delen av kommunen ligg Stadtlandet med dei to tettstadane Leikanger og Selje. For meir informasjon om kommunen sjå www.stad.kommune.no Stad kommune skal skifte ut eksisterande luft-vatn-varmepumpe ved Selje skule. Dagens varmepumpe er ved slutten av sin tekniske levetid og har behov for utskifting. Eksisterande varmepumpe er plassert på tak over Fløy F. Akkumulatortank og vekslar er plassert nede i kjellar i varmesentralen. Anlegget leverer varme til seks av skulens fløyar, Fløy A til F, via ventilasjon, radiator, gulvvarme og tappevann. Sjå kravspesifikasjon for minimumskrav til leveransen. Anskaffinga skal bidra til stabil og driftssikker oppvarming av skulen, samstundes som energibruken blir redusert og at løysinga krev lite vedlikehald. I tråd med kommunen sine mål om berekraftige og kostnadseffektive innkjøp er det ønskjeleg med ei løysing som gir god energieffektivitet og gode miljøeigenskapar over tid. Den nye varmepumpeløysinga må tilpassast eksisterande tekniske installasjonar og bygningsmessige forhold, mellom anna dagens røyrføringar, distribusjonssystem samt krav til utandørs plassering og støynivå. Skildring av oppdraget Oppdraget omfattar ei komplett nøkkelferdig leveranse for utskifting av eksisterande luft-til-vatn-varmepumpe ved Selje skule. Leveransen skal omfatte levering og montering av ny varmepumpe, tilpassa det eksisterande varmeanlegget ved skulen og dei tekniske føresetnadene elles. Anskaffinga inkluderer demontering av eksisterande anlegg, bortkøyring og miljømessig forsvarleg avhending, naudsynte elektro- og røyrarbeid, tilkopling mot eksisterande system, samt innregulering, testing og idriftsetjing. Den nye løysinga skal gi stabil oppvarming, høg driftstryggleik, lågt støynivå og betre energieffektivitet. Det vert etterspurt ei varmepumpeløysing med miljøvenleg kuldemedium, god verknadsgrad også ved låge utetemperaturar og høg årsvarmefaktor til bruk i skulebygg. Leveransen skal òg omfatte naudsynt opplæring, FDV-dokumentasjon og overlevering til driftsorganisasjonen.
Les hele kunngjøringen og konkurransegrunnlaget hos Doffin · Om oppdragsgiveren (org.nr. 921060157)
Andre kunngjøringer fra Stad kommune
| Kunngjøring | Oppdragsgiver | Type | Publisert |
|---|---|---|---|
| Brannstasjon Selje - VAO | Stad kommune | Kunngjøring av konkurranse | 05.09.2026 |
| Selje Reinseanlegg | Stad kommune | Kunngjøring av konkurranse | 28.04.2026 |
| Rådgjevaroppdrag for utarbeiding av brannkonsept for ny brannstasjon i Selje | Stad kommune | Kunngjøring av konkurranse | 17.04.2026 |
| Rådgjevaroppdrag for utarbeiding av klimaanalyse for ny brannstasjon i Selje | Stad kommune | Kunngjøring av konkurranse | 11.04.2026 |
| Horn høgdebasseng | Stad kommune | Kunngjøring av konkurranse | 21.03.2026 |
| Brøyting og strøing Stad kommune | Stad kommune | Kunngjøring av konkurranse | 18.03.2026 |
| Kantslått Stad kommune | Stad kommune | Kunngjøring av konkurranse | 18.03.2026 |
| Kjøp av individretta tenester. Referansenummer: 25/2882 | Stad kommune | Intensjonskunngjøring | 26.02.2026 |
Kilde: Doffin – den nasjonale databasen for kunngjøringer av offentlige anskaffelser, drevet av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Åpne data hentet via Doffins offentlige API og oppdatert daglig. Konkurransegrunnlag og innlevering av tilbud skjer hos Doffin eller oppdragsgiverens konkurransegjennomføringsverktøy. Vi er ikke oppdragsgiver og tar ikke imot tilbud.