Opplysninger fra Enhetsregisteret, Regnskapsregisteret og andre åpne offentlige kilder. Aktive enkeltpersonforetak er med; fødselsnummer, fødselsdatoer og skjermede poster publiseres ikke. Vi er ikke en offentlig myndighet.

Kunngjøring av konkurranse · 08.10.2026

Helhetlig oppfølging av hamnesikring - Florø Hamn

Kinn kommune publiserte denne kunngjøringen i Doffin 08.10.2026. Fristen for å levere tilbud var 29.10.2026.

Type
Kunngjøring av konkurranse
Status
Tilbudsfristen er utløpt
Publisert
08.10.2026
Tilbudsfrist
29.10.2026
Oppdragsgiver
Kinn kommune
Org.nr.
820956532
CPV-koder
71000000, 71600000, 71630000, 71631000, 71631400, 71631420
Doffin-ID
2026-115695

Beskrivelse

Bakgrunn og formål Florø hamn KF har behov for heilskapleg fagleg og operativ støtte til hamnesikring. Behovet omfattar løpande oppfølging av lovpålagde sikringskrav, slik at analysar, planar, øvingar, møte, dokumentasjon og fristar vert ivaretekne på ein strukturert og forskriftsmessig måte. Formålet er at leverandøren tek eit størst mogleg totalansvar for den daglege oppfølginga, medan Florø hamn held fram som godkjennande part. Bakgrunnen for behovet er avgrensa intern kapasitet til å følgje opp fristar, øvingar, revisjonar, tilsyn, avvik og dokumentasjon. Det er òg behov for tettare og meir systematisk oppdatering av sikringsplanar, sikringsanalysar og sårbarheitsvurderingar i tråd med gjeldande regelverk. Avtalen skal omfatte følgjande: Alle lovpålagde øvingar, inkludert fysiske øvingar, table top-øvingar o.l. Årleg revisjon og løpande oppdatering av sikringsanalyse og sikringsplanar. Årlege øvingar som dekkjer heile breidda i sikringsplanane. Kvartalsvise drillar. Sikringsmøte minimum kvartalsvis. Bistand i sikringsrelaterte spørsmål, inkludert ved tilsyn og handtering av avvik. Sikre at alle lovpålagde krav, planar og øvingar vert gjennomførte innan gjeldande fristar. Utarbeiding av omforeint årshjul med fristar i samarbeid med Florø hamn, seinast 3 månader før nytt år tek til. For 2027 skal dette utarbeidast i samband med kontraktsinngåing. Oppdatering av sårbarheitsvurderingar og sikringsplan for hamna og dei ulike hamneanlegga i tråd med lovverket. Opsjonspris per område. Florø hamn har i dag følgjande område: Florøvika hamneområde Botnastranda kai G Gunnhildvågen hamneterminal Botnastranda aust Fugleskjærskaia Beskriving av behovet Florø hamn har behov for ein leverandør som kan ivareta den løpande sikringsoppfølginga og sikre at alle lovpålagde aktivitetar vert planlagde, gjennomførte og dokumenterte innan gjeldande fristar. Leverandøren skal bistå med revisjon og løpande oppdatering av sikringsanalyse og sikringsplanar, planlegging og gjennomføring av årlege øvingar som dekkjer heile breidda i sikringsplanane, kvartalsvise drillar og sikringsmøte minimum kvart kvartal. Leverandøren skal òg bistå i sikringsrelaterte spørsmål, mellom anna ved tilsyn og handtering av avvik. Leverandøren skal vidare utarbeide eit omforeint årshjul i samarbeid med Florø hamn, med tydelege fristar og aktivitetar, og varsle avvik og tidskritiske forhold fortløpande. Samarbeidet skal vere tett og føreseieleg, med klare roller, faste kontaktpunkt, fast kontaktperson og faste statusmøte. Det er òg behov for oppdatering av sårbarheitsvurderingar og sikringsplan for hamna og dei einskilde hamneanlegga i tråd med lovverket. Dette gjeld følgjande område: Florøvika hamneområde Botnastranda kai G Gunnhildvågen hamneterminal Botnastranda aust Fugleskjærskaia Kompetanse og gjennomføring Det er behov for ein leverandør med dokumentert erfaring frå tilsvarande leveransar innan ISPS og hamnesikring, mellom anna øvingar, drillar, revisjonar, myndigheitskrav, tilsyn og avvikshandtering. Leverandøren må ha relevant fagkompetanse, vere godkjend RSO av Kystverket og kunne stille med fast fagressurs og sikkerheitsklarert personell der dette er nødvendig. Leverandøren må òg ha tilstrekkeleg bemanning og robust kapasitet til å gjennomføre oppgåvene kontinuerleg, slik at leveransen ikkje vert sårbar ved fråvær hos einskildpersonar. Dersom leverandøren skal få innsyn i eksisterande sikringsplanar før prising, må teiepliktserklæring signerast.

Les hele kunngjøringen og konkurransegrunnlaget hos Doffin · Om oppdragsgiveren (org.nr. 820956532)

Andre kunngjøringer fra Kinn kommune

KunngjøringOppdragsgiverTypePublisert
Servicebygg KinnKinn kommuneKunngjøring av konkurranse14.10.2026
Læremiddel til grunnskulen - INSSKinn kommuneKunngjøring av konkurranse12.10.2026
Intensjonskunngjøring – mellombels renseanlegg for avløp i GunhildvågenKinn kommuneIntensjonskunngjøring17.09.2026
Komplett linjepakker til StorkjøkkenKinn kommuneKunngjøring av konkurranse15.09.2026
Florø Barneskole Rehabilitering av småskolen v1Kinn kommuneAvlysning / ingen tildeling04.09.2026
VA Selhaugvegen - HavikbotnKinn kommuneKunngjøring av konkurranse04.09.2026
Florø Barneskole Rehabilitering av småskolen v1Kinn kommuneKunngjøring av konkurranse04.09.2026
Florø Barneskole Rehabilitering av småskolenKinn kommuneKunngjøring av konkurranse04.09.2026

Kilde: Doffin – den nasjonale databasen for kunngjøringer av offentlige anskaffelser, drevet av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Åpne data hentet via Doffins offentlige API og oppdatert daglig. Konkurransegrunnlag og innlevering av tilbud skjer hos Doffin eller oppdragsgiverens konkurransegjennomføringsverktøy. Vi er ikke oppdragsgiver og tar ikke imot tilbud.