Forhåndskunngjøring · 28.10.2026
Markedsdialog: Opplærings- og omsorgstenester for barn og unge
Aukra kommune publiserte denne kunngjøringen i Doffin 28.10.2026.
- Type
- Forhåndskunngjøring
- Publisert
- 28.10.2026
- Oppdragsgiver
- Aukra kommune
- Org.nr.
- 964981337
- CPV-koder
- 80000000, 80500000, 80590000, 85000000, 85300000, 85310000, 85311000, 85311300, 85312000, 85312100, 85312110, 85312120, 85312400, 85320000
- Doffin-ID
- 2026-116753
Beskrivelse
Aukra kommune inviterer leverandørar til skriftleg marknadsdialog i samband med ei planlagd anskaffing av opplærings- og omsorgstenester for barn og unge. Kommunen ønskjer innspel frå marknaden om korleis tenester innan avlasting og alternativ læringsarena kan organiserast og gjennomførast på ein trygg, fleksibel og fagleg forsvarleg måte. Føremålet med dialogen er å få betre innsikt i kapasiteten i marknaden, aktuelle samarbeidsmodellar, lokaler og bemanning, og korleis leverandørane kan leggje til rette for tett samhandling med kommunen og føresette. Kommunen ønskjer også å få belyst korleis helsefagleg- og pedagogisk kompetanse kan inngå i tenestetilbodet, og korleis desse kompetanseområda kan utfylle kvarandre for å sikre heilskapleg oppfølging av det enkelte barnet eller den enkelte ungdommen. Aukra kommune ønskjer òg å få betre forståing av korleis tilbod kan tilpassast barn og unge med samansette og varierande behov, mellom anna behov for skjerma og praktisk retta læringsarenaer. Det er viktig å få fram korleis tilboda kan kombinere omsorg, meistring, læring og individuell tilrettelegging, med utgangspunkt i behova og føresetnadene til det enkelte barnet eller den enkelte ungdommen. Leverandørar som har erfaring med, eller interesse for, å levere slike tenester, blir oppmoda om å delta og svare på spørsmåla i skjemaet. Innspela vil gi Aukra kommune eit betre grunnlag for å vurdere korleis ei eventuell anskaffing bør innrettast. På bakgrunn av dei mottatte skriftlege innspel kan det bli aktuelt for kommunen å invitere leverandørar til individuelle dialogmøte for å utdjupe eller klargjere informasjon
Les hele kunngjøringen og konkurransegrunnlaget hos Doffin · Om oppdragsgiveren (org.nr. 964981337)
Andre kunngjøringer fra Aukra kommune
Kilde: Doffin – den nasjonale databasen for kunngjøringer av offentlige anskaffelser, drevet av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Åpne data hentet via Doffins offentlige API og oppdatert daglig. Konkurransegrunnlag og innlevering av tilbud skjer hos Doffin eller oppdragsgiverens konkurransegjennomføringsverktøy. Vi er ikke oppdragsgiver og tar ikke imot tilbud.