Opplysninger fra Enhetsregisteret, Regnskapsregisteret og andre åpne offentlige kilder. Aktive enkeltpersonforetak er med; fødselsnummer, fødselsdatoer og skjermede poster publiseres ikke. Vi er ikke en offentlig myndighet.

Kunngjøring av konkurranse · 06.11.2026

Totalentreprise for pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri - Lærdal sykkelpark

Lærdal kommune publiserte denne kunngjøringen i Doffin 06.11.2026. Fristen for å levere tilbud er 02.12.2026. Estimert verdi er 3 750 000 NOK.

Type
Kunngjøring av konkurranse
Status
Åpen for tilbud
Publisert
06.11.2026
Tilbudsfrist
02.12.2026
Oppdragsgiver
Lærdal kommune
Org.nr.
954681890
Estimert verdi
3 750 000 NOK
CPV-koder
45000000, 45100000, 45110000, 45112000, 45112700, 45112720, 45200000, 45210000, 45212000, 45212100, 45212140, 45212200, 45212210, 45230000, 45233000, 45233300, 45236000, 45236200, 45236210
Doffin-ID
2026-117282

Beskrivelse

Bakgrunn Lærdal ungdomsråd har sidan 2024 arbeidd for å få etablert eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Saka vart handsama politisk hausten 2025, då formannskapet vedtok at kommunalt areal kan nyttast til tiltaket. Det er løyvd midlar til prosjektet i 2026, og kommunen ønskjer å kontrahera totalentreprenør til prosjektet i 2026 med ferdigstilling innan juni 2027. Formålet med anskaffinga er å etablera eit attraktivt og funksjonelt aktivitetsanlegg for ungdom, med tilbod som fremjar fysisk aktivitet, sosialt samvær og gode møteplassar. Anlegget skal vera ein naturleg samlingsstad for ungdom i sentrumsnære omgjevnader mellom sentrum og fjorden. Sykkelparken skal samstundes i størst mogleg grad kunne nyttast av barn og andre brukargrupper. Plasseringa stiller særlege krav til utforming og gjennomføring. Området ligg sentralt ved innfallsporten til Lærdal og i nærleik til Gamle Lærdalsøyri. Det er difor viktig at anlegget vert godt tilpassa landskap, omgjevnader og verneverdig miljø, og at det held høg estetisk kvalitet. Beskrivelse av oppdraget Lærdal kommune ønskjer å inngå kontrakt om totalentreprise for prosjektering og bygging av eit pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri. Oppdraget omfattar ei samla leveranse frå prosjektering til ferdig opparbeidd anlegg. Leverandøren skal også gjennomføra prosess med byggjesøknad. Leveransen skal omfatta eit pumptrack-anlegg med god flyt og ei utforming som er tilpassa ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå. Anlegget skal i tillegg vera ein møteplass med opphaldssone og møblering. Det skal leggjast til rette for trygg ferdsel i og rundt området. Leveransen skal inkludera belysning i samsvar med NS-EN 12193 Idrettsbelysning og krav til denne type anlegg. Universell tilkomst skal inngå som ein del av den samla løysinga. Løysingsforslaget skal ta omsyn til nærleik til veg, ferdsel og verneverdig miljø, og skal utformast med vekt på landskapstilpassing, tryggleik og estetikk. Oppdragsgivar har tilgang på knuste tunnelmassar som skal nyttast i oppbygginga av anlegget der massane er eigna til føremålet, og leverandøren skal leggja dette til grunn i prosjekteringa og utføringa. Lærdal kommune er i ferd med å etablera ein gangveg mellom sentrum og fjorden. Pumptrack-anlegget er planlagt i tilknyting til denne, og tilkomstveg mellom pumptracken og gangvegen skal inngå i totalleveransen. Me viser elles til vedlagde dokument. Anskaffinga gjeld eit prosjekt med planlagd kontrahering ved årsskiftet 2026/2027 og ferdigstilling innan 1.juni 2027.

Delkontrakter (1)

  • Totalentreprise for pumptrack-anlegg på Lærdalsøyri

Les hele kunngjøringen og konkurransegrunnlaget hos Doffin · Om oppdragsgiveren (org.nr. 954681890)

Andre kunngjøringer fra Lærdal kommune

KunngjøringOppdragsgiverTypePublisert
Planfagleg bistand til områderegulering for flaumsikring av LærdalsøyriLærdal kommuneKunngjøring av konkurranse12.11.2026
Lærdalsøyri skule - Byggetrinn 4Lærdal kommuneKunngjøring av konkurranse08.07.2026
Førsteinnsats brannbil/innsatsleiarbil Lærdal kommuneLærdal kommuneKunngjøring av konkurranse02.06.2026
Lærdalsøyri skule - Byggetrinn 4Lærdal kommuneKunngjøring av konkurranse28.03.2026
Hauge Kyrkje, diverse tiltakLærdal kommuneKunngjøring av konkurranse26.02.2026
Lærdalsøyri barnehage, småbarnLærdal kommuneKunngjøring av konkurranse09.07.2025
Lærdal Bu og Omsorg - Tilbygg skjerma avdelingLærdal kommuneKunngjøring av konkurranse09.05.2025
Pilotprosjekt LærdalselvaLærdal kommuneIntensjonskunngjøring18.04.2025

Kilde: Doffin – den nasjonale databasen for kunngjøringer av offentlige anskaffelser, drevet av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Åpne data hentet via Doffins offentlige API og oppdatert daglig. Konkurransegrunnlag og innlevering av tilbud skjer hos Doffin eller oppdragsgiverens konkurransegjennomføringsverktøy. Vi er ikke oppdragsgiver og tar ikke imot tilbud.