Cyanamidfabrikken (bygg 105, 106, 107, 108, 109, 113, 123)
Cyanamidfabrikken (bygg 105, 106, 107, 108, 109, 113, 123) er en fredet bygning (Annet tekn-ind. minne) i Ullensvang, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 60.06790, 6.54865 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Cyanamidfabrikken er eit stort, samanhengande bygningsvolum der nokre delar er freda, andre ikkje. Bygg 105, Lagerhus cyan (omnshus I): Det opphavlege omnshuset på cyanamidanlegget. Bygget ligg lengst vest av hallane som ligg side ved side på cyanamidanlegget. Bygget er eit langstrakt volum som rommar ein stor, open hall. Det har ein konstruksjon av armerte betongsøyler og utmura vegger i tegl. Konstruksjonen er synleg i fasaden som horisontale og vertikale band i relieff. Saltak med takoppbygg i basilikaform med overlysvindauge. Takstolane er av stål, taket i tre med bølgjeplater som utvendig tekking. Øvst på langveggen, gruppert to og to, er store liggande vindauge i småruta stålramme. Under vindauga på langveggen mot vest, er to lågare tilbygg med pulttak og blåmåla dører i stål. Desse romma verkstader (ikkje eige byggnummer) og spiserom (bygg 123). Verkstadstilbygget har småruta vindauge i stålramme og to piper på taket. Spiserommet har mindre vindauge av nyare dato. Bygg 106: Omnshus II og III ligg attmed lagerhuset, og har felles sagtak med kjølehuset (bygg 107) i aust og cyanamidknusar (bygg 109) og deler av Oddakalkfabrikken i nordenden. Dei to omnshusa utgjer til saman ein stor hall med ei midtrekkje av støttesøyler i stål. Søylerekka i vest er felles med lagerhuset og er i armert betong. Skiljevegg i tegl mot kjølehus i aust. Felles vegg med bygg 103 og 104 i sør og delvis open vegg mot bygg 109 i nord. Sagtaket ligg på tvers av hallane og er ein stålkonstruksjon tekt med bølgjeplater. Taket har piper, lufteluker og er ope på langsidene over vegglivet. Bygg 107: Kjølhus cyan. Kjølehuset ligg som ein innebygd gang innafor omnshusbygget og deler vegg med papirlageret i aust. Kjølegangen har teglvegger og lågare flat himling boren av ståldragarar. Bygg 108: Papirlager cyan. Ligg på austre langside av cyanamidanlegget og deler vegg med kjølehuset. Bygget har pulttak som lener seg inn mot langveggen av sagtakskomplekset. Bygget si fasadeutforming følgjer same skjema som resten av cyanamidanlegget med synleg søyle- og dragarkonstruksjon i armert betong utmura med tegl og liggande småruta vindauge i stålramme. Tre større døropningar i fasaden. Bygg 109: Cyanamidknusar. Ligg som ein forlenga seksjon av sagtakskomplekset mellom restane av dicyfabrikken i aust og cyanamidsiloen i vest. På nordsida er bygget som opphavleg husa Oddakalkfabrikken med lager (bygg 110 og 111). Seksjonen har same konstruksjon som omnshuskomplekset med dels opne vegger med stålsøyler og dels teglsteinsvegger. Nokre romdelarar, repos og kontrollrom er i støypt armert betong. Rommet ligg midt i bygningsmassen og har ikkje vindauge. Bygg 113: Råcyanamidsilo. Ligg på nordenden av smelteverkstomta med gavlen mot nord. Sjølve silodelen er i sin heilskap i armert betong, medan topphuset har skjelettkonstruksjon med tegl. Bygget har saltak med takoppbygg i basilikaform med overlys. Takkonstruksjonen er i stål tekka med nyare platekledning. Fasaden har dekor av horisontale og vertikale band i relieff, bogemotiv, små antyda hjørnetårn og ein takka dekorbord på langsidene oppunder mønet. Gavlveggen på takoppbygget i sør (opphavleg gjekk takoppbygget heilt ut til fasaden også i nord) har dei same tettstilte vertikale stripene som ein ser på Lindehuset.
Fakta fra registeret
| Navn | Cyanamidfabrikken (bygg 105, 106, 107, 108, 109, 113, 123) |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 127142-11 |
| Sted | Ullensvang, Vestland |
| Art | Annet tekn-ind. minne |
| Datering | 1907, 1912 |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2011-03-31 |
| Opprinnelig funksjon | Industri/ fremstilling/produksjon |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 174602174 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 60.06790, 6.54865 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Ullensvang
- Hesthamar
- Bolig
- Lindehuset (bygg 100)
- Sjogarden, lofthus - naust
- Lagmannstova (Storstova)
- Kalksteinssilo, austlege halvdel (bygg 5)
- Trefaseomnshus 3 (bygg 70)
- BORGSTOVA / borgstove
- Kapell/garasje
- Kinsarvik kyrkje
- Kuren/liggehus ombygd til lager
- Sjogarden, lofthus
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Cyanamidfabrikken (bygg 105, 106, 107, 108, 109, 113, 123)?
Plassering ifølge registeret: Ullensvang, Vestland; 60.06790, 6.54865.
Når er Cyanamidfabrikken (bygg 105, 106, 107, 108, 109, 113, 123) fra?
Registeret oppgir: 1907, 1912.
Hvilket vern har Cyanamidfabrikken (bygg 105, 106, 107, 108, 109, 113, 123)?
Vedtaksfredet (2011-03-31).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.