Lindehuset (bygg 100)
Lindehuset (bygg 100) er en fredet bygning (Annet tekn-ind. minne) i Ullensvang, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 60.06783, 6.54770 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Lindehuset ligg vest på cyanamidanlegget med eine langsida mot cyanamidomnshusa og andre langsida mot fabrikkportbygga og laboratoriet. Det er det første bygget ein støyter på når ein kjem innafor porten til smelteverket. Bygget er ein stålkonstruksjon kledd inn med yttervegger i teglstein. I eksteriøret er konstruksjonen markert i teglveggen som lyse, murpussa vertikale lisénar, og horisontale band som markerer skilje mellom etasjar og avslutning mot tak. Tettstilte lysare striper er òg lagt inn som dekor i gavlfelta på takoppbygga, og i hjørna er det antyda tårnavslutning. Bygget har støypt betonggolv og kjellar med fundament og kanalar. Bygget har saltak i rekkje på tvers slik at langsida av bygget blir ei rekkje av tettstilte gavlvegger. Taket er platekledd med basilikaforma takoppbygg med overlys på to av fem seksjonar (opphavleg på tre). Austre langsida av bygget er eit langt, smalt volum med langsida mot ”gata” ved omnshusa. Dette har liggande, småruta vindauge i to etasjar på langsida, elles har bygget to vindauge øvst mot gavlen på dei to midterste faga i kvar seksjon i langveggen og vindauge øvst på veggen i kvart fag på kortveggen. Midt på kortsida mot sør er eit større vindaugsfelt i heile vegglivet si høgde, som gir lys til maskinhallen som ligg innafor. Bygget har fleire større døropningar, nokre med nyare rulleportar, andre i blåmåla metall. Bygningen romma produksjon av nitrogen, som var eit av råstoffa i cyanamidproduksjonen. Eit luftinntak eit stykke vest for smelteverket henta inn uforureina luft som vart transportert til Lindehuset gjennom eit underjordisk rør. Sjølve luftinntaket er fjerna, men det underjordiske røret, med røropning i Lindehuset sin kjellar, er intakt.
Fakta fra registeret
| Navn | Lindehuset (bygg 100) |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 127142-12 |
| Sted | Ullensvang, Vestland |
| Art | Annet tekn-ind. minne |
| Datering | 1908, 1912 |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2011-03-31 |
| Opprinnelig funksjon | Industri/ fremstilling/produksjon |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 174602182 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 60.06783, 6.54770 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Ullensvang
- Cyanamidfabrikken (bygg 105, 106, 107, 108, 109, 113, 123)
- Hesthamar
- Bolig
- Sjogarden, lofthus - naust
- Lagmannstova (Storstova)
- Kalksteinssilo, austlege halvdel (bygg 5)
- Trefaseomnshus 3 (bygg 70)
- BORGSTOVA / borgstove
- Kapell/garasje
- Kinsarvik kyrkje
- Kuren/liggehus ombygd til lager
- Sjogarden, lofthus
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Lindehuset (bygg 100)?
Plassering ifølge registeret: Ullensvang, Vestland; 60.06783, 6.54770.
Når er Lindehuset (bygg 100) fra?
Registeret oppgir: 1908, 1912.
Hvilket vern har Lindehuset (bygg 100)?
Vedtaksfredet (2011-03-31).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.