Driftsbygning 1
Driftsbygning 1 er en fredet bygning (Driftsbygning) i Alstahaug, Nordland – Nordlánnda.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 65.82717, 12.42556 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Bygningsbeskrivelse: Det opphavelege fjøset frå 1796 er av lafta tømmer og påbygd etter at staten overtok i 1930. Betongkjellaren erstatta ein gjødselkjellar av bruddstein. Over tømmerfjøset er det ein fôrlåve oppført i bindingsverk med sperretakkonstruksjon. Bjelkelaget mellom tidlegare tømmerfjøs og fôrlåve er fjerna. Vinkelbygget er av bindingsverk. Ein del av huset er oppført av materiale frå teatersalen i "borgstulåna" som stod parallelt med låna på andre sida av hovudbygningen. Fasadane er for ein stor del dekka av måla eternittplater. Taket er tekt med hoggen skifer og eternittplater.
Historikk: Huset er oppført som fjøs med fôrlåve over av Johan C. H. Brodtkorb i 1796. Stallen bygd vinkelrett på fjøset var av samme type. Då staten overtok vart fjøset påbygd og seinare endra fleire gonger, med materialbruk tidstypisk for dei ulike periodane. Bygningen har plass til 32 storfe og 300 sau, med høylåve høytørke og siloar. Ei fløy av låven har treskerom for korn og plass for tresking av elitefrø av korn og gras. Vidare eit lite tørkeanlegg for tørking av forsøksprøver av gras.
Bygningen var i bruk for sau og mjølkekyr fram til 1980. Frå 1980 og fram til 1996 vart storfeavdelinga brukt til kjøttfe. Etter den tid har huset vore mest bruk til lager.
Tidslinje: 1796: Oppført som fjøs med fôrlåve over. 1930: Steinkjellaren erstatta av ein betonggjødselkjellar, men tømmerkonstruksjonane over den gamle steinkjellaren vart nytta vidare. Samstundes med ombygginga vart også fjøset utvida. Fjøset vart påbygd med materiale frå sørfløya av hovedbygninga "borgstulåna", vis-á-vis "mastulåna", som då vart rive. Borgstulåna hadde teatersal og borgerstue, og i 2. etasje var det soveloft for slåttekarane. Bygningen vart nytta til sau og mjølkekyr fram til 1980. 1980: Melkeproduksjonen opphøyrde og erstatta med kjøtproduksjon på storfe. 1996: Storfe- og sauproduksjonen vart flytta til det nye driftstunet.
Merknad fra SKE: Johan Christian overtok etter sin far Niels Gierbrand i 1796. Han hadde juridsik utdanning, men var også ein dyktig jordbrukar, eit føregangsmenneske i jordbruket.
Kilde brukt: Bostwick, Hansen, Olsen, "Jorda er maktens kjerne - 2000 år på Tjøtta gård", 1996: Skarstad, Håkon Johs: ?Landsverneplan for Bioforsk?, 2006; Stortingsmelding nr. 10, 1955/58
Fakta fra registeret
| Navn | Driftsbygning 1 |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 161010-7 |
| Sted | Alstahaug, Nordland – Nordlánnda |
| Art | Driftsbygning |
| Datering | 1796 |
| Vern | Forskriftsfredet |
| Vernedato | 2013-02-15 |
| Opprinnelig funksjon | Landbruk |
| Verneparagraf | 22a (Fredning av byggverk og anlegg i statens eie) |
| Bygningsnummer | 187787750 |
| Opphav | Nordland fylkeskommune |
| Koordinater | 65.82717, 12.42556 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Alstahaug
- Helgelandssykehuset Sandnessjøen / Novikveien 2
- Låna
- Hovedbygning
- Hovedbygg
- Bolig 1
- Bolig 2
- Bolig 3
- Prestegård hovedbygning
- Sundet
- Fellesbygg
- Alstahaug kirke
- Eldhuset
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Driftsbygning 1?
Plassering ifølge registeret: Alstahaug, Nordland – Nordlánnda; 65.82717, 12.42556.
Når er Driftsbygning 1 fra?
Registeret oppgir: 1796.
Hvilket vern har Driftsbygning 1?
Forskriftsfredet (2013-02-15).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.