Utvalgte virksomhetsopplysninger fra Enhetsregisteret. Enkeltpersonforetak, andre fysiske personer og skjermede poster publiseres ikke. Registeret omfatter også utenlandske enheter med registrert adresse utenfor Norge.

Låna

Låna er en fredet bygning (Bolig) i Alstahaug, Nordland – Nordlánnda.

Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.

Koordinater: 65.82605, 12.42345 · OpenStreetMap

Beskrivelse fra Riksantikvaren

Bygningsbeskrivelse: Huset er oppført i to etasjar over ein grunnmur av bruddstein,. Det er kjellar under halve huset. Bygningen er oppført av tømmer med vertikal trepanel. Taket er tekt med skifer. Bygningen hadde fram til 1890-åra to korte fløyer i to etasjar som vart rive kring 1890.

Bygningen er ikkje restaurert innvendig, men panel og listverk er tatt ned. Det ser ut til at mykje av det opphavelege og gamle er intakt, og det er viktig at det blir tatt vare på når restaureringa blir fullført. Bygningen vart brukt som hovudbygning i perioden då den nye hovedbygningen vart oppført i 1870-åra. Huset ser ut til, på grunn av tapetrestar mv., å ha gjennomgått ei oppgradering då huset fekk funksjon som hovudbygning. Huset har dei opphavelege takbjelkane som er profilerte.

Historikk: 1740: Mest truleg oppført kring 1740 av Peter Andersen Dass som flytta hit i 1738 og hadde overtatt 2/3 av gården. Husets alder er framleis og brukshistrie er usikker og dette bør undersøkjast nærare. 1879 - 1884: Huset nytta av "Nordlands Amts Praktiske Kvindeskole" til offentleg opplæring av husmødre, men som vart flytta derifrå i 1884. 1890: Huset fikk sin noværande form i 1890-åra, då dei to fløyane som bygget opphaveleg hadde vart rive. 1939: Bygningen restaurert. 1993: Ny restaurering starta opp, men berre fullført utvendig. Huset står i dag tomt.

Låna, også kalla Prostelåna, vart truleg bygd kring 1740, men alderen er noko usikker. Ein veit at Peter Andersen Dass flytta til Tøtta i 1738. Dersom det var bygd før 1738 var det truleg faren Anders Dass som bygde det. Det har vore omtala at låna også ei tid kunne vera hovudbygningen på Tjøtta, men det er usikkert, fordi det stod ei hovudbygning der hovudbygningen frå 1878 i dag står. Prostelåna har fått det namnet fordi Alstahaugprosten brukte å overnatte her etter preika i Tjøttakyrkja. Ein fetter av Johan Brodtkorb d.e. som også var prest, levde sine siste år i dette huset.

Bygningen har også hatt funksjon som gjestehus på garden for dei "standsmessige". I låna held "Nordlands Amts Praktiske Kvindeskole" til frå den starta i 1879 og til 1884. Det var den første offentlege opplæring av husmødre i Nordland fylke.

Bygningen vart restaurert i 1939. Ny resturering vart utført i 1993/1994 og gjort ferdig utvending, men ikkje innvendig på grunn av pengemangel. Huset står i dag tomt i påvente av midlar til å fullføre det innvendige restaureringsarbeidet.

Fra SKE: Byggeår: 1740 Kilde: Bostwick, Hansen, Olsen,"Jorda er maktens kjerne - 2000 år på Tjøtta gård", 1996; Skarstad, Håkon Johs: ?Landsverneplan for Bioforsk?, 2006; Stortingsmelding nr. 10, 1955/58 Merknader: Huset står i dag tomt, og har ingen funksjon. Huset blir og kalla for "prostelåna"

Fakta fra registeret

NavnLåna
Kulturminne-ID161010-9
StedAlstahaug, Nordland – Nordlánnda
ArtBolig
Datering1740
VernForskriftsfredet
Vernedato2013-02-15
Opprinnelig funksjonBolig/bosetning
Verneparagraf22a (Fredning av byggverk og anlegg i statens eie)
Bygningsnummer187787718
OpphavNordland fylkeskommune
Koordinater65.82605, 12.42345
KilderRiksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger

Flere fredete bygninger – Alstahaug

Vanlige spørsmål

Hvor ligger Låna?

Plassering ifølge registeret: Alstahaug, Nordland – Nordlánnda; 65.82605, 12.42345.

Når er Låna fra?

Registeret oppgir: 1740.

Hvilket vern har Låna?

Forskriftsfredet (2013-02-15).

Hvor kommer dataene fra?

Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.