Forum kino
Forum kino er en fredet bygning (Teater-kino-konserthus) i Bergen, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 60.37722, 5.33876 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Beskrivelse fra lokalitet: Forum kino vart reist av Bergen kommunale kinematografer og var eit ledd i utbygginga av eit nytt sentrum for dei sørlege bydelane i Bergen. Bygginga tok til i 1939, men grunna okkupasjonen vart kinoen først innvigd i 1946. Forum var i bruk som kino til 2005. Kinobygningen er teikna av arkitekt Ole Landmark, ein av dei fremste arkitektane i Bergen i mellomkrigstida. Utforminga tek utgangspunkt i den særprega fasongen på tomta, ved at kinosalen har fått ein vifteform som følgjer sidene i den trekanta tomta, og ytst i spissen ligg inngangs/billetthallen og vestibylen. Desse ulike romma kjem til syne i eksteriøret som klart markerte, geometriske volum. Formspråket kan karakteriserast som art deco, med hovudformar prega av funksjonalismen, men med eit meir klassisk preg både i den monumentale, symmetriske volumoppbygginga og i detaljane. Innvendig utgjer publikumsinteriøra ein samanhengande romkomposisjon, til dels med forseggjort materialbruk. Både ut- og innvendig er kinobygningen i hovudtrekka svært lite endra.
Beskrivelse fra Enkeltminne: Kinobygningen har ein form som følgjer den trekanta tomta, med inngangs/billetthallen og vestibylen ytst i spissen. Kinosalen, vestibylen, billetthallen og korridorane kjem til syne i eksteriøret som klart markerte, geometriske volum med pussa murflater. Over ein sokkel danna av korridorane langs sidene reiser dei andre bygningsledda seg, trekt tilbake frå fasadelina. Salen har ein enkel, lukka form. Vestibylen består av to blokkar over kvarandre, begge med avrunda kortender, den øvste med glasfelt heile vegen rundt. Billetthallen har ein rikare og meir open utforming: endeveggen er delt inn av fire lisenar av granitt som fortset opp over gesimslina, mellom dei er dei tre inngangsdørene av edeltre, og over desse ein utkraga baldakin og tre store vindaugsfelt. Formspråket kan karakteriserast som art deco, med hovudformar prega av funksjonalismen, men med eit meir klassisk preg både i den monumentale, symmetriske volumoppbygginga og i detaljane. Eit folkebibliotek vart bygd som del av kinoanlegget. Det ligg som eit separat volum, i tre etasjar med eit lågt valmtak, i forlenginga av sidefasaden mot Jonas Lies vei. Biblioteket har ei meir klassisistisk fasadeutforming, med midtstilt portal krona av byvåpenet, og krysspostvindauge i tett, jamn takt i dei øvre etasjane.
Fakta fra registeret
| Navn | Forum kino |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 119613-1 |
| Sted | Bergen, Vestland |
| Art | Teater-kino-konserthus |
| Datering | 1939-46 |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2017-01-17 |
| Opprinnelig funksjon | Kultur |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 139798171 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 60.37722, 5.33876 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Bergen
- Bergen tollsted
- Hospital-sykehjem
- Bergen tinghus
- Statsarkivet i Bergen - Hovedbygninger
- Teater
- Portnerbolig
- Vågedalen / Bruno ubåtbunker
- Villavn / Knut fægris hus
- Bergen barn- og foreldresenter avd. Bønes
- Psykologibygget, Bjørn Christiansens hus / Christiesgt. 12
- Skole
- Skur 11 (Bryggen)
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Forum kino?
Plassering ifølge registeret: Bergen, Vestland; 60.37722, 5.33876.
Når er Forum kino fra?
Registeret oppgir: 1939-46.
Hvilket vern har Forum kino?
Vedtaksfredet (2017-01-17).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.