Utvalgte virksomhetsopplysninger fra Enhetsregisteret. Enkeltpersonforetak, andre fysiske personer og skjermede poster publiseres ikke. Registeret omfatter også utenlandske enheter med registrert adresse utenfor Norge.

Skole

Skole er en fredet bygning (Skole) i Bergen, Vestland.

Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.

Koordinater: 60.39435, 5.33075 · OpenStreetMap

Beskrivelse fra Riksantikvaren

Stor, langstrakt bygning i to etasjar. Første etasje har yttervegger av mur og innvendige skiljevegger av utmura bindingsverk, andre etasjar ha utmura bindingsverk i både ytter- og innervegger. Utvendig har huset slemma teglmur på kortsidene, og liggande panel på langveggene ¿ mot N med kvartstaff, mot S utan profil. N-veggen har enkle pilastrar utanpå panelet. Utsvaia valmtak tekt med raud tegl, med ein liten spissgavla kvit og to pulttakskvister. Fire piper langs mønet. Huset står på eit gråsteinsmura, kvitkalka fundament, i sterkt skrånande terreng: austenden er skoren inn i terrenget, medan det under vestenden er ein full kjellaretasje. På nordsida eit karnappaktig utbygg i 1. etasje, panelt og med saltak, og med innebygd trapp ned til bakken. På same vegg er ein høg gråsteinsmura trapp opp til 1. etasje. Austsida har ein nyare tretrapp opp til andre etasje. Sørsida har ein gråsteinsmura trapp, lagt i rett vinkel på veggen, opp til hovuddøra. Tre av fasadane har 1800-tals vindauge: i 1. etasje krysspostvindauge med fire like store rammer, med to ruter i kvar, i andre etasje toramsvindauge med tre ruter i kvar ramme. På nordsida stort sett småruta 1700-tals vindauge, til dels med tverrifla gerikter. Hovuddøra på sørsida har ein enkel stikkboga portal, over sideinngangen på sørsida er eit ovalt vindauge med rifla gerikter. Kjellarmuren har ut mot gate to opningar med jernluker, og ein oval minnetavle av stein over Ludvig Holberg, sett opp tidleg på 1900-talet. Kjellaren har òg ei rekkje muranker med liljeform, medan det oppe på austveggen er to enkle muranker. Huset er måla i okergult med mørk grøne detaljar (vindauge, dører, hjørnebord, trapperekkverk).

Fakta fra registeret

NavnSkole
Kulturminne-ID87129-1
StedBergen, Vestland
ArtSkole
Datering1706
VernVedtaksfredet
Vernedato1927-04-23
Opprinnelig funksjonUndervisning/forskning
Verneparagraf1 (Utgått paragraf)
Bygningsnummer13914605
OpphavVestland fylkeskommune
Koordinater60.39435, 5.33075
KilderRiksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger

Flere fredete bygninger – Bergen

Vanlige spørsmål

Hvor ligger Skole?

Plassering ifølge registeret: Bergen, Vestland; 60.39435, 5.33075.

Når er Skole fra?

Registeret oppgir: 1706.

Hvilket vern har Skole?

Vedtaksfredet (1927-04-23).

Hvor kommer dataene fra?

Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.