Stamerhuset
Stamerhuset er en fredet bygning (Bolig) i Bergen, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 60.34530, 5.34304 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Einetasjes hus av lafta tømmer, kledd med liggjande, uprofilert supanel, på ein kjellar som på det høgste rakar om lag ein meter over bakken. På hovudfasaden mot aust ein mura terrasse med bua front og trapp opp på kvar side, trapper og terrasse dekt med heller. På terrassen to støypte doriske søyler, som bærer ein framskytande ark. Motsvarande søylene er det på veggen doriske pilastrar av tre; hjørnekassene er også utforma som pilastrar av same type. Både på sjølve huset og på arka er gesimsen boren av flate konsollar. Huset har valmtak, tekt med sortglaserte panner, og med ein svak knekk halvvegs oppe i takflata. Midtpartiet av taket er nesten flatt. På sør- og nordsida tre små vindaugsarker, til dels nedfelt i takflata, kvar med segmentbua gavl og sinkkledd tak. Arka har saltak med låg takvinkel, utan svai. Hovudgesimsen fortsetter på fronten, og også sjølve gavlen har gesims av same type. Fronten får dermed preg av tempelgavl. Sør-, aust- og nordsida av huset er alle symmetriske, med dobbeltdør i midten og to seksruta krysspostvindauge på kvar side. Dørene mot aust og nord har dessutan portalomramming, med toppstykke samansett av firkanta felt og liggjande konsollar, og tett inntil portalen på kvar side eit halvt krysspostvindauge. Hovudfasaden er sannsynlegvis uendra frå då huset var nytt omkring 1860. Det same seinempirepreget som ein finn i eksteriøret går igjen inni huset, i dører, listverk og veggtrekk i dei store stovene, men begge stader må det for ein del dreie seg om stiletterlikningar frå då huset vart påbygd i 1913, blant anna portalen mot nord. Kjøkkenregionen i huset har òg preg frå same tid, då huset i realiteten vart ombygd til ein moderne villa. Kjellaren er sterkt prega av nyare ombyggingar, medan loftet har mange opphavlege detaljar i behald.
Fakta fra registeret
| Navn | Stamerhuset |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 86014-1 |
| Sted | Bergen, Vestland |
| Art | Bolig |
| Datering | ca. 1860 |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 1924-02-27 |
| Opprinnelig funksjon | Landbruk |
| Verneparagraf | 1 (Utgått paragraf) |
| Bygningsnummer | 139400283 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 60.34530, 5.34304 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Bergen
- Bergen tollsted
- Hospital-sykehjem
- Bergen tinghus
- Statsarkivet i Bergen - Hovedbygninger
- Teater
- Portnerbolig
- Vågedalen / Bruno ubåtbunker
- Villavn / Knut fægris hus
- Bergen barn- og foreldresenter avd. Bønes
- Psykologibygget, Bjørn Christiansens hus / Christiesgt. 12
- Skole
- Skur 11 (Bryggen)
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Stamerhuset?
Plassering ifølge registeret: Bergen, Vestland; 60.34530, 5.34304.
Når er Stamerhuset fra?
Registeret oppgir: ca. 1860.
Hvilket vern har Stamerhuset?
Vedtaksfredet (1924-02-27).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.