Utvalgte virksomhetsopplysninger fra Enhetsregisteret. Enkeltpersonforetak, andre fysiske personer og skjermede poster publiseres ikke. Registeret omfatter også utenlandske enheter med registrert adresse utenfor Norge.

Tobakksbutikken Reimers og Søns eftf. AS

Tobakksbutikken Reimers og Søns eftf. AS er en fredet bygning (Forretningsbygg) i Bergen, Vestland.

Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.

Koordinater: 60.39290, 5.32535 · OpenStreetMap

Beskrivelse fra Riksantikvaren

Beskrivelse fra lokalitet: Tobakksbutikken Reimers og Søns eftf. er eit intakt butikkinteriør frå 1920-talet, det siste som er bevart i gjenreisingsområdet etter bybrannen i 1916. Butikklokalet ligg i Olav Kyrres gate 1, som er det søraustlege hjørnet av kvartalet som i dag utgjer kjøpesenteret Galleriet i sentrum av Bergen. Bygningen, teikna av arkitektane Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø, vart oppført i 1927 som del av gjenreisinga etter bybrannen i 1916. Bygningen vart reist med ei samanhengande rekkje butikklokale på gateplanet. Butikken rett nord for hovudinngangen mot Olav Kyrres gate husa tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. frå bygningen var ny. Dette var ei tradisjonsrik verksemd, grunnlagt i 1847 og i drift heilt til 2003. Sidan då har butikklokalet romma ein kafé.

Beskrivelse fra Enkeltminne: Butikklokalet til den tidlegare tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. ligg i 1. etasje mot Olav Kyrres gate, rett nord for hovudinngangen. Lokalet målar rundt 3,5 x 9 m og fyller breidda av eitt fag av betongskjelettet og fasadearkitekturen. Lengst inne er eit lite bakrom delt av frå hovudrommet. Butikklokalet peikar seg ut ved at det framleis har i behald mesteparten av den opphavlege faste innreiinga frå 1920-talet. Det er ikkje kjent kven som var arkitekt for interiøret. Hovudelementa er ei stor hylle langs den eine langveggen og fyllingspanel på den motsette veggen. Kortveggen ut mot gata har eit stort vindaugsfelt og inngangsdør. Trerammer med blyglas, som stammar frå ein opphavleg skjermvegg bak vindaugsutstillinga, er brukt opp att i opninga inn til bakrommet og i nedste delen av vindauget. Hovudkonstruksjonen i bygningen er synleg, med søyler og bjelkar av armert betong, pussa og måla. Innreiinga er utført i ulike typar edeltre med utskjeringar og intarsiadekor. Hovudpreget er ein lett, elegant og fantasifull nyklassisisme, der det mørke treverket med sirleg dekor står mot ein bakgrunn av lyse, glatte murflater.

Fakta fra registeret

NavnTobakksbutikken Reimers og Søns eftf. AS
Kulturminne-ID119735-1
StedBergen, Vestland
ArtForretningsbygg
Datering1927
VernVedtaksfredet
Vernedato2018-10-29
Opprinnelig funksjonHandel
Verneparagraf15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
Bygningsnummer9497811
OpphavVestland fylkeskommune
Koordinater60.39290, 5.32535
KilderRiksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger

Flere fredete bygninger – Bergen

Vanlige spørsmål

Hvor ligger Tobakksbutikken Reimers og Søns eftf. AS?

Plassering ifølge registeret: Bergen, Vestland; 60.39290, 5.32535.

Når er Tobakksbutikken Reimers og Søns eftf. AS fra?

Registeret oppgir: 1927.

Hvilket vern har Tobakksbutikken Reimers og Søns eftf. AS?

Vedtaksfredet (2018-10-29).

Hvor kommer dataene fra?

Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.