Utvalgte virksomhetsopplysninger fra Enhetsregisteret. Enkeltpersonforetak, andre fysiske personer og skjermede poster publiseres ikke. Registeret omfatter også utenlandske enheter med registrert adresse utenfor Norge.

Fjøs

Fjøs er en fredet bygning (Fjøs-stall) i Gloppen, Vestland.

Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.

Koordinater: 61.77615, 5.97810 · OpenStreetMap

Beskrivelse fra Riksantikvaren

Bygningen er den største i tunet på Osmundnes, med ei grunnflate på 18,5 x 9,7 meter. På nordsida er det eit nyare tilbygg med støypeveggar under pulttak. Det er ein kraftig vernemur på austsida, heile fem meter tjukk ved foten, som og utgjer austveggen i røstetasjen i bygningen. I muren er det ei gjennomgåande, firkanta opning, som skal gjere muren meir effektiv mot fonnvinden. Løa ligg i skrånande terreng, dels bygd inn i bakken, slik at den underste, mura etasjen har to golvnivå: Eit kyrefjøs (no brukt som stall) i den største og øvste, austre delen, og eit sauefjøs mot vest med golvet lågare i terrenget. Det er inngang til desse fjøsa gjennom dørar på sørsida. Det er opphavlege båsar i fjøsa.På desse fjøsmurane er det reist ei svært stor, grindbygd løe; i vestre delen er stavane lengst, sidan dei er ført ned på den delen av muren som ligg lågare i terrenget. Her er høyløa. Golvet i denne delen er av gjenbrukt, tiløksa veggtømmer. Frå høyløa går det trapp opp langs sørveggen til kjørebrua; det er ei toblada labankdør frå denne til løebrua mot sør. Aust for kjørebrua er det golv i same nivå som denne. Her er og ei nyare trapp opp til eit loft med golv i raftehøgde, kor ein ser ein avansert takkonstruksjon; sperra kviler på hovudkonstruksjonens stavlegje, men er forsterka av eit mindre grindverk med ås-stavar som kviler på hovudkonstruksjonens betar, og som lutar svakt innover, og bærer ei stavlegje/ås som taksperra kviler mot. Det er skråstivare mellom stavane, og betane bærer eit øvre golvlag. Løa er kledd utanpå med ståande, raudmalt panel, og er dekka av eit saltak

Fakta fra registeret

NavnFjøs
Kulturminne-ID127646-12
StedGloppen, Vestland
ArtFjøs-stall
Datering1800-1899
VernVedtaksfredet
Vernedato2014-05-14
Opprinnelig funksjonLandbruk
Verneparagraf15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid)
Bygningsnummer178447955
OpphavVestland fylkeskommune
Koordinater61.77615, 5.97810
KilderRiksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger

Flere fredete bygninger – Gloppen

Vanlige spørsmål

Hvor ligger Fjøs?

Plassering ifølge registeret: Gloppen, Vestland; 61.77615, 5.97810.

Når er Fjøs fra?

Registeret oppgir: 1800-1899.

Hvilket vern har Fjøs?

Vedtaksfredet (2014-05-14).

Hvor kommer dataene fra?

Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.