Våningshus
Våningshus er en fredet bygning (Hovedbygning) i Gloppen, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 61.77627, 5.97778 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Stova er det eldste bustadhuset på bruk nr. 3. Ho vart bygd på fyrste gong etter 1921, og sidan har ho i nyare tid fått eit tilbygg under pulttak langs med austre del av nordveggen. Bygningen er ei lafta tømmerbygning i ein etasje pluss loft, på 10,8 x 6,6 meter, og står i bratt terreng slik at den nedre delen mot vest kvilar på ein høg kjellarmur. Veggane er kledde med liggande, kvitmåla supanel. Bak mot aust er det ein kraftig vernemur; i denne går det ei brei trapp frå sør opp til ei dør inn til loftsetasjen. Vernemuren er og forlenga noko mot nord i nyare tid, slik at han ligg bak det nyare tilbygget. Bygningen dekkes av eit saltak, tekt med dråpeskifer. Aust på sørsida er det ei ark under skifertekka saltak.I fyrste etasjen er det krysspostvindauge med eit visst jugendpreg, to på gavlveggen mot vest, eitt i austre del av nordveggen, og eit gjenbrukt på vestveggen i det nyare tilbygget: Nedst to ståande, sidehengsla rammer med 2 x 3 ruter i kvar ramme, og øvst to liggande rammer med 2 x 1 rute i kvar ramme. Ei av dei to øvste rammene er hengsla på oversida. Listverket rundt vindauga er måla lyseblått. Det er eit nesten likeins vindauge heilt vest på sørveggen, men her er 2 x 2 ruter i dei nedste rammene.I andre etasjen er det midtpostvindauge med 2 x 3 ruter i kvar ramme, med same type listverk, to stykk i røstet mot vest, og eitt i takarken på sørsida.
Fakta fra registeret
| Navn | Våningshus |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 127646-11 |
| Sted | Gloppen, Vestland |
| Art | Hovedbygning |
| Datering | Stova er det eldste bustadhuset på bruk nr. 3. |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2015-05-05 |
| Opprinnelig funksjon | Landbruk |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 178447947 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 61.77627, 5.97778 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Gloppen
- Våningshus - Nystova
- Samanbygd stabbur og eldhus
- Våningshus
- Fjøs
- Våningshus
- Nystova
- Fjøs
- Sommarfjøs
- Gimmestad kyrkje 3
- Låve med stall
- Hope kyrkjestad / Hyen stavkirke 1
- Låve med stall
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Våningshus?
Plassering ifølge registeret: Gloppen, Vestland; 61.77627, 5.97778.
Når er Våningshus fra?
Registeret oppgir: Stova er det eldste bustadhuset på bruk nr. 3.
Hvilket vern har Våningshus?
Vedtaksfredet (2015-05-05).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.