Låve med stall
Låve med stall er en fredet bygning (Låve) i Gloppen, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 61.77600, 5.97763 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Sør i tunet ovanfor (aust for) gavlen på våningshuset (skulestova, BYGNR.-178447939) står ei skotløe, med ein lafta stall innebygd i underetasjen mot vest. ”Skotløe” eller”skottlade” er ein grindverksbygd konstruksjon der taksperrene stikk så langt ut over stavlegjen at det vert danna rom mellom grinda og ytterveggen – planen vert treskipa. Ytterveggene er også med og bærer takkonstruksjonen. Frå andre plassar i fylket veit ein at slike løer ikkje vart bygde etter om lag 1850, og det er særs få igjen av dei. Bygningen erderfor i fredingsklasse uavhengig av tilknytinga til tunskipnaden. Ein har og peika på at formhogginga på betane er av ein slik type at dei kan gå tilbake til mellomalderen.2Bygningen ligg i skrått terreng, med den lafta stallen i den nedste, vestvendte delen, medan austre gavlen i løa ligg inn mot ein kraftig, bua vernemur i tørrmur. Sjølve bygningen er 12,10 x 9,30 meter. Ein del av tømmeret i den lafta stallen er heilt klart gjenbrukt, blant anna med omarbeida maga stokkar, som kan tyde på høg alder. Det er to dører inn til stallen: Den eine har runda, øvre avslutning av lysopninga, medan den andre har rett avslutning, og er noko grovare tillaga. Sjølve skotløa, som altså delvis kviler på den lafta delen, har seks grinder. Det er treskegolv i løa mellom to brot. Ho har saltak som tidlegare var tekka med torv, no er her eternit. Det er do i eit tilbygg på (sør)vestre hjørnet, 3,20 x 2,90 meter, med inngang frå nord.
Fakta fra registeret
| Navn | Låve med stall |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 127646-5 |
| Sted | Gloppen, Vestland |
| Art | Låve |
| Datering | Uviss tid |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2014-05-14 |
| Opprinnelig funksjon | Landbruk |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 178447890 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 61.77600, 5.97763 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Gloppen
- Våningshus - Nystova
- Samanbygd stabbur og eldhus
- Våningshus
- Fjøs
- Våningshus
- Nystova
- Fjøs
- Sommarfjøs
- Gimmestad kyrkje 3
- Våningshus
- Hope kyrkjestad / Hyen stavkirke 1
- Låve med stall
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Låve med stall?
Plassering ifølge registeret: Gloppen, Vestland; 61.77600, 5.97763.
Når er Låve med stall fra?
Registeret oppgir: Uviss tid.
Hvilket vern har Låve med stall?
Vedtaksfredet (2014-05-14).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.