Våningshus
Våningshus er en fredet bygning (Hovedbygning) i Gloppen, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 61.77642, 5.97810 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
”Stova” er ei rektangulær, lafta bygning i ein etasje på 12,1 x 6,4 meter. Den ligg i skrått terreng, og har ein potetkjellarunder vestre delen. Kjellaren har full etasjehøgde på den vestre gavlsida av huset, og muren er pussa og kvitkalka. Mot aust er det ein kraftig vernemur heilt opp til mønet, og denne utgjer og austveggen i bygningen. Dei andre tre veggane er kledde med eit liggande panel som nyleg er måla okergult, med detaljar som vindauge, dørar, hjørnebord og vindskier i brunraudt. Bygningen er dekka av eit saltak tekka me bølgjeblekk. Bygningsdetaljane er frå ulike tider på 1900-talet. Det er dør aust på nordveggen, inn til kjøkkenet. Dette er ei tidleg 1900-tals fyllingsdør, med fire høgsmale fyllingar og tre ståande ruter øvst. Ho er nyleg måla oker med raudbrune detaljar. Det er og dør inn til ei gang midt på sørveggen, som har den vanlege sveitserstilutforminga med to parallelle, høgsmale fyllingar og ei liggande fylling over og under desse, fargesett på same måten som den andre døra. Døra inn til potetkjellaren er på sørsida, og er ei eldre, enkel labankdør med ei lita rundboga glugge i øvre del. Det er eit jugendstilsvindauge på nordveggen, eit krysspostvindauge i kammerset med to rammer med 3 x 3 ruter nedst, og to rammer med tre ruter i kvar øvst. Aust på sørveggen er det ein variant med 2 x 2 større ruter i dei nedste rammene, medan det er eitt glas i kvar av dei øvre rammene. På vestveggen av stova er det to tredelte funkisvindauge, medan det er eit likeins todelt på sørveggen.Sjølve stova mot vest har ein kvadratisk grunnplan, og utgjer halve grunnflata i bygningen. Frå stova er det to tettstilte dørar på austveggen, der den nordre leiar ut til eit kammers med tilnærma kvadratisk grunnplan, medan den søndre leiar ut til ei lita gang. Bak kammerset er kjøkkenet, med ei stor grue mura i samband med vernemuren mot aust. Bak gangen er det eit lite langstrakt kammers, og her er det og dørar på nordveggen til det andre kammerset og kjøkkenet.
Fakta fra registeret
| Navn | Våningshus |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 127646-15 |
| Sted | Gloppen, Vestland |
| Art | Hovedbygning |
| Datering | Bygningsdetaljene frå 1900-talet. |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2014-05-14 |
| Opprinnelig funksjon | Bolig/bosetning |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 178447998 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 61.77642, 5.97810 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Gloppen
- Våningshus - Nystova
- Samanbygd stabbur og eldhus
- Våningshus
- Fjøs
- Nystova
- Fjøs
- Sommarfjøs
- Gimmestad kyrkje 3
- Låve med stall
- Våningshus
- Hope kyrkjestad / Hyen stavkirke 1
- Låve med stall
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Våningshus?
Plassering ifølge registeret: Gloppen, Vestland; 61.77642, 5.97810.
Når er Våningshus fra?
Registeret oppgir: Bygningsdetaljene frå 1900-talet.
Hvilket vern har Våningshus?
Vedtaksfredet (2014-05-14).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.