Fjøs
Fjøs er en fredet bygning (Fjøs-stall) i Gloppen, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 61.77647, 5.97839 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Lengst nord i tunet på Osmundnes står ei bygning som rommar kyrafjøs og sauefjøs, og løe over dei. Det er ein rektangulær bygning som ligg i skrått terreng, og har derfor ein grunnetasje med to mura delar der golvet er i ulik høgde – kyrafjøset i den nedste, vestre delen, og sauefjøset i den øvre. Den grindbygde løa er så reist med høgare stavar ført ned på den lågaste muren i vestre delen. Det er ein svært kraftig vernemur ved austre gavlen. Dei andre veggane i løa er kledde med ståande, raudmåla panel, og bygningen er dekka av eit saltak tekka med bølgjeblekk. Tidlegare har det vore eit lågt tilbygg under pulttak heilt vest på nordveggen, men her står bare ein betongmur att.Til sauefjøset er det dør inn aust på sørveggen, like ved låvebrua. Det er ei yngre labankdør av smale, ståande bord. I fjøset er det veggar av mura naturstein. Det har vore ei toblada labankdør ut mot nord, men denne opninga er no dekka av ein enkel vegg av ståande bord. Det er elles ikkje innreia i sauefjøset. Heilt sør på vestmuren er det ei opning, kor det er trapp ned mot vest til kyrafjøset, og ei (nyare) enkel trapp opp mot vest til høyløa. Det er dør inn til kyrafjøset vest på sørveggen, gjennom ei enkel labankdør. Golvet er av bord, og veggane er murt i naturstein. Ei opning i nordveggen ut til det tidlegare tilbygget er no tetta med lecablokkar. Fjøset er innreia med båsar på kvar side av midtgangen. Sør på austmuren er opninga med trapp opp til sauefjøset. Himlinga utgjerast av gjenbrukt bygningstømmer som kviler på rundbjelkar, og som er underlag for golvet i høyløa. Dette tømmeret har en variant av raulandsnov, men med flatøksa stokker med halsen høgt oppe i stokken, og kan være gamalt.Løa har høyløe i den lågare, vestre delen. Aust på sørveggen er det ei toblada labankdør inn til den øvre delen av løa frå låvebrua. Golvet i løa er truleg nyare, med smale, høvla bord. Det er seks grinder i løa, med ujamt breie fag. Det er store dimensjonar på stavar og beter, som alle er rundtømmer. Det er brukt ulike avstivingar – både skråband og sjølvgrodde bogekne kan sjåast. Det er og kross-stivarar mellom stavane. Det er festa horisontale lekter utanpå stavane, som det ståande panelet er spikra fast i. Sperretaket er avstiva med langsgåande åsar som kviler på ås-stavar felt ned i betene.
Fakta fra registeret
| Navn | Fjøs |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 127646-16 |
| Sted | Gloppen, Vestland |
| Art | Fjøs-stall |
| Datering | Uviss tid |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2014-05-14 |
| Opprinnelig funksjon | Landbruk |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 178448005 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 61.77647, 5.97839 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Gloppen
- Våningshus - Nystova
- Samanbygd stabbur og eldhus
- Våningshus
- Våningshus
- Nystova
- Fjøs
- Sommarfjøs
- Gimmestad kyrkje 3
- Låve med stall
- Våningshus
- Hope kyrkjestad / Hyen stavkirke 1
- Låve med stall
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Fjøs?
Plassering ifølge registeret: Gloppen, Vestland; 61.77647, 5.97839.
Når er Fjøs fra?
Registeret oppgir: Uviss tid.
Hvilket vern har Fjøs?
Vedtaksfredet (2014-05-14).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.