Samanbygd stabbur og eldhus
Samanbygd stabbur og eldhus er en fredet bygning (Bur-stabbur-loft) i Gloppen, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 61.77618, 5.97766 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Eldstova og stabburet ligg på rekke med ei gang mellom, i skrånande terreng, alt under same saltak, og vert derfor rekna som ei bygning. Til saman er bygningen 14 meter lang, eldhuset er 5 meter bredt mens stabburet er 5,5 meter. Eldstova består av eitt rom (5,3 x 5 meter), og ligg mot aust, med vernemur inn mot austgavlen. Bygningen er i tørrmur, med eit kistemurverk av særs høg kvalitet. Steinen er godt tiltukta, og ligg på flasken med klar skiftegang, vekslande med nokre større heller reist på busten. Inn mot austgavlen er den mura omnen, tørrmura i same steinslag som veggane. Det er bakaromn og korntørke integrert i omnen. På vestveggen er det ei enkel, blåmåla labankdør med gamalt handtak i smijarn. På langveggen mot sør er eit toramsvindauge med fire blyglassruter i kvar ramme. Det er ein ”lem” mot vest, frå murkrona og ut over gangen. Taket over eldstova er pannetekka dei seinare åra, men med gamal tegl Det er ei open gang mellom eldhuset og stabburet, om lag 3,5 meter brei. Stabburet er lafta i to høgder, med ein mura kjeller under. Det er inngang til begge høgder frå ganga på austsida; golvet i ganga kan seiast å være eit naturleg repos eller avsats, med ei kort trapp opp foran inngangspartiet til andre høgda, medan ein må gå ned langs nordveggen i bygningen og så inn under golvet for å nå inngangen til første høgda. Langveggane flukter med langveggane i eldstova, men stabburet har ei innekledd svalgang langs sørveggen, slik at takutstikket er større her. Grunnflata i stabburet er derfor 5,1 x 5,5 meter. Alle veggar har liggjande panel, som er måla okergult, med raudbrune hjørnebord og vindskier. I første høgda i gavlveggen ut mot vest er det satt inn eit treramsvindauge med seks ruter i kvar ramme. I andre høgda er det to blyglassvindauge med 3 x 3 ruter i kvart. Taket er tekka med bølgjeblekk, medan foto frå 1940 syner bygningen med torvtak på stabburet. Første høgda var eit arbeidsrom for ymse aktivitetar, medan andre høgda var stabbur. Innvendig er det tømmerveggar utan kledning; veggane i andre høgda er ikkje i full mannshøgde, men har open himling opp til mønet. Golva i begge høgder er gamle; i andre høgda truleg eldst, og her har golvet flyttemerkar (nummerert med innrissa romartal). Takkonstruksjonen er eit sperretak.Laftekassa i første høgda er yngst. Stokkane i andre høgda er tydeleg omarbeida maga tømmer av særs god kvalitet, og går truleg tilbake til mellomalderen. Stokkane er seinare flattelgja, men i svalgangen mot sør ser ein ytterveggens og utnovanes opphavlege form. Det er utskjeringar på stokkane som går ut i framsvalen.I stabburet er det i flatbrødkasse, og ei øksa bordplate som det seiast er frå mellomalderen. Desse fredast i lag med bygningen.
Fakta fra registeret
| Navn | Samanbygd stabbur og eldhus |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 127646-8 |
| Sted | Gloppen, Vestland |
| Art | Bur-stabbur-loft |
| Datering | Uviss tid |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2014-05-14 |
| Opprinnelig funksjon | Landbruk |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 178447904 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 61.77618, 5.97766 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Gloppen
- Våningshus - Nystova
- Våningshus
- Fjøs
- Våningshus
- Nystova
- Fjøs
- Sommarfjøs
- Gimmestad kyrkje 3
- Låve med stall
- Våningshus
- Hope kyrkjestad / Hyen stavkirke 1
- Låve med stall
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Samanbygd stabbur og eldhus?
Plassering ifølge registeret: Gloppen, Vestland; 61.77618, 5.97766.
Når er Samanbygd stabbur og eldhus fra?
Registeret oppgir: Uviss tid.
Hvilket vern har Samanbygd stabbur og eldhus?
Vedtaksfredet (2014-05-14).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.