Nystova
Nystova er en fredet bygning (Annen bygningsart) i Gloppen, Vestland.
Data: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger (NLOD 2.0), oppdatert 29.10.2026.
Koordinater: 61.77625, 5.97746 · OpenStreetMap
Beskrivelse fra Riksantikvaren
Nystova står lengst ned i tunet, med austre gavlen opp mot det samanbygde stabburet og eldhuset. Bygningen vart flytta til garden som medgift frå Hjelmeseth og er mest truleg satt opp her på siste fjerdedel av 1800-tallet. Stova var i bruk som gjestehus, og til oppbevaring av kler og kister. Nystova er 7,10 x 6,10 meter, og er ei lafta tømmerbygning i ein etasje og loft på ein tørrmura grunnmur, med ein sval i full bredde og høgde ved austre gavlvegg, alt kledd inn med liggjande, malt (okergult) panel. Bygningen er dekka av eit saltak som tidlegare var torvtekka, no ligg det bølgjeblekk. I vestre gavlveggen mot sjøen er det to toramsvindauge kvar med seks ruter i blyglass i fyrste etasje, to blyglassvindauge med tolv ruter i kvart i andre etasje. Vindauga kan være eldre enn sjølve bygningen, og vindauga i loftsetasjen er eldre enn dei i fyrste etasjen.Inngangane til begge etasjar er på austre gavlvegg; ei trapp – eller meir en mellomting mellom ei trapp og ei bru – leiar opp til loftsetasjen, litt sør for midten av røstet. Like nord for trappa er døra inn til første etasje. Det er enkle labankdørar, okermåla med raudbrune, enkle lister/gerikter.I første høgda kjem ein inn i den vesle svalen eller forstova i bindingsverk. Ei dør av 1700-talstype leiar vidare inn i sjølve stova: To store, profilerte fyllingar i breitt ramverk, med ein enkel, men brei gerikt med profilerte kantar på innsida. I stova er det eit gamalt golv av bord, tømmerveggar utan kledning, og ein himling med eksponerte bjelkar.I andre høgda kjem ein og inn i bindingsverksvalen. Her er eit gamalt golv, festa med smidde naglar. Ei gamal labankdør leier inn på sjølve loftet. Her er det gamalt golv av bord, tømmerveggar utan kledning, og himling open til mønet.
Fakta fra registeret
| Navn | Nystova |
|---|---|
| Kulturminne-ID | 127646-9 |
| Sted | Gloppen, Vestland |
| Art | Annen bygningsart |
| Datering | 1875-1899 |
| Vern | Vedtaksfredet |
| Vernedato | 2014-05-14 |
| Opprinnelig funksjon | Bolig/bosetning |
| Verneparagraf | 15 (Fredning av bygninger, anlegg m.v. fra nyere tid) |
| Bygningsnummer | 178447912 |
| Opphav | Vestland fylkeskommune |
| Koordinater | 61.77625, 5.97746 |
| Kilder | Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger |
Flere fredete bygninger – Gloppen
- Våningshus - Nystova
- Samanbygd stabbur og eldhus
- Våningshus
- Fjøs
- Våningshus
- Fjøs
- Sommarfjøs
- Gimmestad kyrkje 3
- Låve med stall
- Våningshus
- Hope kyrkjestad / Hyen stavkirke 1
- Låve med stall
Vanlige spørsmål
Hvor ligger Nystova?
Plassering ifølge registeret: Gloppen, Vestland; 61.77625, 5.97746.
Når er Nystova fra?
Registeret oppgir: 1875-1899.
Hvilket vern har Nystova?
Vedtaksfredet (2014-05-14).
Hvor kommer dataene fra?
Kilde: Riksantikvarens datasett Kulturminner – freda bygninger, lisens NLOD 2.0; data hentet 29.10.2026. Askeladden/Riksantikvaren er den offisielle kilden.